F.v.: I morgon fyller Tony, Siv-Helen og Roar Wold 50 år. Her på fest i Ulvehiet i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Wold-trillingane fyller 50 år

Tony, Siv-Helen og Roar blei feira i Ulvehiet laurdag.

image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Dei kom alfabetisk; Roar blei fødd først, så Siv og til slutt Tony.   

– Eg måtte inn igjen og henta han, seier Roar og ler. 

Tony ler med. Dei som kjenner Wold-søsknene veit at sleivkommentarane og latteren sit laust. 

– Men eg var også minst i oppveksten, og det var eg som fekk drittjobben om det var ein drittjobb som måtte utførast. 

Det var ikkje sikkerhetsbelte i bilane på 70-talet, så søskenflokken på fire gjekk fint inn i baksetet. På feriar la foreldra ned seta så ungane kunne ligga med beina strake. 

– Det funka jo fint, og det var heldigvis ikkje flaut å ligga der som ein baby når foreldra våre stoppa her og der for å spørra om vegen, seier Roar og ler igjen. 

Så tilbake til drittjobbane til Tony. 

– Det blei annleis då vi skulle med danskebåten. Der hadde dei fine pakkeprisar for familiar på fem. Då var det jo eg som måtte ligga på golvet, gløymd under eit teppe, mens vi køyrde om bord.

Synkroniserte konkurrentar

Storebror Frode var to år då trillingane kom til verda. Det han hugsar best var at han måtte passa alle tre mens foreldra var på butikken.

– Vi hadde ei vogn med to plassar framme og èin plass bak. I tillegg hadde eg noko å stå på. Vogna gjekk jo ikkje inn dei smale butikkdørene den gong, så då måtte eg passa dei.

Frode påstår at det var ein enkel jobb.

– Dei var jo greie den gong, det blei verre med åra, seier han og ler.

Tony og Roar er einegga, Siv fekk eit egg for seg sjølv.

– Det blei dei to mot meg, men eg var større og hadde ikkje problem med å dela ut juling, seier Siv.

Dei einegga var både gode venar og arge konkurrentar. I det meste som kunne konkurrerast om.

– Men hadde vi ein felles fiende, for eksempel at vi spelte på same lag i fotball, så var det sikkert ikkje kjekt å vera motstandar. Vi har jo identisk humor, så om du dumma deg ut i nærleiken av oss så blei du ledd av i dobbel dose.

Når det blei for gale brørne imellom måtte Frode skilja dei.

– Men vi var stort sett venar. I klassen min var det 8-10 venar som òg hadde søsken som var to år yngre, så vi blei ein stor og god venegjeng.

Familien budde i Hamnevegen først, i «Iris-leilegheitene». Då trillingane var fem år flytta dei til Idrettsvegen.

Ut og inn av Forsvaret 

Siv-Helen dreiv med hest, Roar og Tony med fotball. Pappa Omar er i seg sjølv ei trenarlegende på Kuventræ. Sjølv om Roar spelte fotball lengre enn Tony, og til liks med storebror Frode i dag dømmer kampar, har dei den dag i dag problem med å bli einige om kven som er den beste fotballspelaren. 

Men når det kjem til bowling tronar Tony åleine på trona.

– Vi var endå meir like då vi vaks opp, og hadde det gøy med både nabo og lærarar, som ofte blei litt forvirra. Og det er framleis folk som har problem med å skilja oss frå kvarandre. Nokre gongar prøver eg å forklara at det ikkje er Tony dei snakkar med, men det er ikkje alltid det glir inn, så no jattar eg berre med, seier Roar og ler.

Dei følgde kvarandre til ut ungdomsskulen, så blei det kvar sin retning med skule og jobb. 

– Men vi var nesten i same militærleir, rett etter kvarandre.

– Eg var i Rusta leir, Roar i Heggelia, begge i Målselv kommune. Det blei full forvirring då eg dimitterte og reiste heim med same fly som Roar kom opp med. Eg hadde sett igjen kassettspelaren min, og sa at bror min kom og henta den. 

– «Nei!», ropte dei. Romkameratane mine trudde jo at eg ikkje fekk dimma likevel då Roar plutseleg kom inn døra.

– Glad for at vi har dei rundt oss

Mamma Signe blei redd då legen fortalte at ho venta trillingar. Ho var ikkje redd for seg sjølv, men for at ikkje svangerskapet skulle gå fint med tre born på same tid.  

– Eg fortalte det ikkje til nokon, berre mannen min og mor mi visste det før dei var fødde, seier ho. 

I morgon fyller dei 50 år, i går hadde dei fest med venar, born, nevøar, nieser og foreldra Signe og Omar ved bordet i Ulvehiet. Til saman har trillingane ni born, storebror Frode held seg på snittet og er far til tre.

– Det gjekk heilt fint å ha tre born samtidig. Storebror Frode hjelpte til. No er vi glade for at dei fire har vakse opp som gode venar, og at vi har dei nær oss her i Os, seier Signe. 

Fleire saker