Kultur | 23. okt. 2012

Ylvis sette rekord

Ylvis selte 300 billettar på to dagar og no, etter 6 dagar i sal, er det berre 6 billettar igjen. - Vi har aldri selt så mykje, så fort, fortel Janne Mari Hjelle.

Ylvis sette rekord
Kulturhusvert Janne Mari Hjelle lovar mykje morro på Oseana i haust (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretysdag 23. okt. 2012 14:43

Onsdag i førre veke sleppte ho nyhenda om at Ylvis kjem til Oseana fredag 21. desember.

- Det har vore heilt vilt. Trass i tett program og fleire gode humorshow på plakaten før jul gjekk Ylvis unna i rekordfart, fortel kulturhusvert Janne Mari Hjelle på Oseana.

I løpet av dei to første dagane selte Oseana drygt 300 billettar til dei populære bergensbrørne. I skrivande stund er det berre seks billettar igjen, og dei er spreidd i heile salen.

Mykje anna morro

For å trøysta dei som ikkje var raskt nok ute til å få seg billettar til Ylvis fortel Hjelle at det kjem mykje anna i same sjangeren no før nyttår.

- Eg vil spesielt trekka fram Klypa med Kjell Kjellen Bigset.

- Han er ein utruleg vittig sunnmøring som i haust har farta land og strand rundt med showet "Klypa - Laangt over streken".

- Framsyninga kom inn i programmet for berre halvanna veke sidan, og vi har allereie selt om lag 150 billettar, fortel Hjelle.

Ekstra med damene og storsjarmørar

I tillegg trekk kulturhusverten fram ekstraframsyninga med Marit Voldsæter, Lisa Stokke og Cecilie Steinmann Neess og showet med storsjarmørane Heine Totland og Gisle Børge Styve.

- Den opprinnelege framsyninga med damene er nesten heilt utselt. Om folk vil få med seg den kritikerroste framsyninga som nettopp hadde premiere i Grieghallen vil eg anbefala ekstraframsyninga.

- Verdt å få med seg er òg det musikalske showet med Heine Totland og Gisle Børge Styve.

- Dei to starta å jobba saman etter at Heine var på laget til Gisle Børge på Beat for Beat på NRK for nokre år sidan, avsluttar Janne Mari Hjelle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.