Politi | 18. mars 2023

«Nokon reiv av koplingane til ein vask»

Politiet har oppretta sak etter vasslekkasje på Nore Neset ungdomsskule.

«Nokon reiv av koplingane til ein vask»
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 18. mars 2023 08:24

Fredag morgon før klokka 09.15 rykte Bjørnafjorden brann og redning ut på melding om vasslekkasje på Nore Neset ungdomsskule.

Ein elev ved skulen tipsa Midtsiden om at lekkasjen var resultat av hærverk.

– Nokon reiv av koplingane under ein vask med vilje, fortel eleven.

Politiet var på staden for å undersøkja om skadeverk kunne vera årsaka.

– Det kan vera grunn til å tru at lekkasjen oppsto som resultat av ei bevisst handling, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

– Forholdet er no meldt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.