
10-3 (i sjansar)
Overskrifta lyg litt, Bærum hadde nok dobbelt så mange som 3 sjansar. Og Os hadde nærmare dobbelt så mange som 10 sjansar. SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN.
Os - Bærum: 1-2 (0-2)
Os sitt mål: Vegard Leikvoll Moberg (59. minutt, assist Torkel Hjertnes)
Os sitt lag: Halvard Enes, Anders Glesnes (Torkel Hjertnes 59. min), Dani Bergstø, Endre Brenne, Remi Osebakken, Preben Borgen, Frode Buvik, Stian Lunde (Ramo Racic 54. min), Daniel Kalstad, Tim Henrik Sperrevik (Vegard Leikvoll Moberg 59. min), Tore Valvik.
Os ausa på med sjansar i dagens heimekamp. Tim og Tore hadde eit fint angrep der Tore avslutta med venstre i målveggen, Stian skaut rett utanfor, Preben og Anders hadde kvar sine frispark som var nær skåring og Preben hadde dessutan eit flott skot etter eit godt løp.
Men i 38. minutt skåra gjestane. I siste speleminutt før pause auka Bærum til 0-2.
Power mot porselen?
På overtid i første omgang blei Tore Valvik utvist. Valvik fekk direkte raudt kort etter ein episode utan ball innanfor Bærum sin 16-meter.
I videoen under ser vi at dei to involverte har ein klinsj nokre sekund i forkant, der Bærum-spelaren held Valvik igjen, Valvik rister han av seg og motspelaren viser skodespelartalent.
Men episoden det blei blåst for, som delvis er med i videoen, var kanskje meir reell.
- Han slo meg i ryggen og eg svara i rein refleks med eit slag tilbake i magen hans. Det var ikkje hardt og då det blei blåst rekna eg med gult kort til begge, fortel Tore etter kampen.
Redusering og håp om poeng
I andre omgang heldt Os fram med å pressa, men berre éin av sjansane enda med skåring.
Vegard Leikvoll Moberg og Torkel Hjertnes blei bytta inn i 59. minutt, få sekund seinare kom ein målgjevande pasning frå Torkel til Vegard.
Daniel Kalstad hadde både eit skot rett utanfor stolpe og eit løp der han kom åleine med keeper, men så blei det feilaktig dømt offside.
- Os overraska og imponerte
Os tapte bortekampen mot Bærum 2-0. Bærum-trenar Morten Tandberg meiner det var noko anna å spela mot Os på Kuventræ.
- Os imponerte meg, vi er heldige som tar tre poeng med oss frå denne kampen, seier han.
- Osingane er sterke i duellane og flinke til å vinna andreballane, dei var gode både i spel langs bakken og då dei slo langt. Vi starta begge omgangane bra og hadde våre sjansar, men dette er ein type kamp som forkortar livet til oss trenarar med nokre år, seier Tandberg letta.
Bærumstrenaren legg til at han føler seg veldig godt mottat på Kuventræ, med fine samtalar med Os-trenare før kampen, servering av frukt og fin stemning.
Os sin neste kamp går på bortebane mot Vålerenga 2, men allereie førstkomande tysdag speler Os 2 heimekamp mot Bergen Nord kl 19.30. Neste heimekamp for A-laget går laurdag 21. august mot Frigg kl 14.00.
SJÅ TABELL (og fleire resultat frå 15. runde)
VIDEO: Nokre av sjansane, 0-1-skåringa og 1-2-skåringa.
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no