Lokal | 11. sep. 2017

1101 fleire førehandsstemmer

Valdagen: Rekordmange 4.170 av innbyggarane i Os har allereie gjeve si stemme.

1101 fleire førehandsstemmer
I dag flagger vi for valdagen, men 30,1 prosent har allereie stemt. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. sep. 2017 08:00

Fram til og med fredag kunne du førehandsrøysta til årets stortingsval. I dag kan du ikkje stemma på rådhuset.

Frå klokka 10 til 21 i dag kan du stemma ved 6 ulike røystelokale i Os kommune.

Om du ikkje har gjort som 4.170 andre - røysta på førehand.

1.101 fleire enn i 2013

Også før valet i 2013 var det ny rekord i førehandsrøysting, då gjekk 3.069 til urnene før sjølve valdagen (mot 2.309 i 2009).

I 2013 var det 10.283 innbyggarar som stemte, av 12.633 med røysterett, eit frammøte på 81,4 %.

Dei 4.170 som har førehandsrøysta i år utgjer 40,6 % av stemmene som kom inn i 2013. Men samtidig har talet på innbyggarar med røysterett auka til 13.845 i 2017.

Få minutt etter at røystelokala stenger klokka 21 i kveld, kan du sjå resultata frå førehandsrøystinga her på Midtsiden.

Også prosentvis er førehandsrøysinga i 2017 høgare enn 2013, 30,1 % mot 24,3 %.

Sånn stemte innbyggarane i Os i 2013

(krins for krins ser du her)

Høyre 3.440 stemmer 33,6 % (+12,8)
Frp 2.206 stemmer 21,6 % (-10,7)
Ap 2.068 stemmer 20,2 % (-6,0)
KrF 680 stemmer 6,7 % (+0,8)
Venstre 572 stemmer 5,5 % (+1,3)
Sp 440 stemmer 4,3 % (-0,4)
SV 324 stemmer 3,2 % (-0,3)
MDG 304 stemmer 3,0 % (+2,5)
De kristne 54 stemmer 0,5 %
Rødt 52 stemmer
Piratpartiet 41 stemmer
Pensjonistpartiet 13 stemmer
Folkemakten 12 stemmer
Kystpartiet 12 stemmer
Demokratene 3 stemmer
NKP 2 stemmer
Blanke 59 stemmer

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.