Sport | 24. feb. 2017

14 lag med nye drakter

Heile 14 fotball-, handball- og basketball-lag frå Os fekk denne veka nye drakter av BKK.

14 lag med nye drakter
Fornøgde spelarar frå fleire lag i Os med nye drakter (foto: Sture Nepstad/BKK)
Andris Hamrefredag 24. feb. 2017 08:58

Heilt sidan 1997 har BKK delt ut draktsett til idrettsungdom i sitt område. Onsdag blei laga som fekk drakter i år invitert til BKK for mat, drikke, pyroshow med verter frå VilVite og utdeling av nye drakter.

– Vi delte ut nye draktsett til 200 lag, tilsaman fekk 3000 unge idrettstalent nye drakter. Av desse var det 14 lag frå Os, fortel sponsorkoordinator Kjersti Dragevåg i BKK.

– Siden vi starta med utdeling av draktsett i 1997 har vi no delt ut nærare 55 000 draktsett til lag i våre eigar- og vertskommunar. Slik ønskjer vi å bidra til engasjement og vitale lokalsamfunn.

Aldersbestemte klasser innan fotball, håndball, basket og volleyball kan søka om draktsett.

– Det er òg mogleg å søke om idrettstøy til andre sportsgrener, noko turnjentene frå Os har benytta seg av. Neste frist for å søka blir i november 2017, men vi har òg andre støtteordningar ein kan søka på, avsluttar Dragevåg.

660 lag søkte om draktsett i år. Lag frå I.L Øyglimt , Lysekloster, Nore Neset Idrettslag, Os Turn Håndball, Jadakameratene og Os Basketball Klubb var blant dei som fekk drakter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.