Lokal | 09. aug. 2013

15 dagar i fengsel

Fengsel, bot på 30 000 kroner og to år utan førarkort blei resultatet for osingen som i april køyrde med 1,27 i promille.

15 dagar i fengsel
Nordhordland Tingrett (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 09. aug. 2013 08:36

I slutten av april blei ein osing i 40 åra tatt for promillekøyring etter at politiet hadde blitt varsla frå vitner.

Mannen måtte tidlegare i sommar møta i Nordhordaland Tingrett tiltalt for å ha køyrd bil i rusa tilstand.

I retten innrømma mannen tilhøva og forklarte at han hadde ført bilen uten å tenkje på at han kunne vera påvirka. Mannen hadde store smerter etter eit basketak med ein hund han passa og hadde tatt seg nokre drinkar for å døyve smerten. Då han dagen etter framleis hadde store smerte oppsøkte han lege.

Då mannen forlot legen traff han ein kamerat som ba om hjelp til å køyre heim nokre varar, noko mannen gjorde. Det var denne turen som blei observert av vitner og som politiet fekk tips om.

Politiet rykte ut til kameraten si adresse og traff tiltalte der. Blodprøver tatt omlag 40 og 60 minutt seinare viste ei promille på 1,33 og 1,27.

I retten anslo mannen at den totale strekninga han hadde køyrd var omlag ein kilometer.

I dommen la retten til grunn at mannen hadde ei promille på 1,27 då køyringa fann sted. Normal rettspraksis vil då tilseie ubetinga fengsel i 21 dagar og bot. Sidan mannen hadde kome med ei uforbehalden tilståing fann retten det rett å følgje påtalemynde si innstilling om 15 dagar ubetinga fengsel.

I tillegg fekk mannen 30 000 kroner i bot og mista førarkortet for to år. Han må òg avlegga full ny førarprøve før han igjen kan køyra bil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.