Lokal | 30. sep. 2016

15 eller 36 leilegheiter på Hjelle?

Utbyggar ønsker seg 36 leilegheter. Administrasjonen meiner 15-20 held. Politikarane gjekk til det uvanlege skrittet å be om synfaring i oppstarten.

15 eller 36 leilegheiter på Hjelle?
Utbyggar ønskjer seks punkthus med 36 leilegheiter på Hjelle (ill: Ard Arealplan/Os kommune)
Andris Hamrefredag 30. sep. 2016 09:35

Bildeserie:

Administrasjonen sin illustrasjon av fjernverknaden fekk politikarane til å be om synfaring (ill: Os kommune)
Administrasjonen sin illustrasjon av fjernverknaden fekk politikarane til å be om synfaring (ill: Os kommune)
1 av 1
Administrasjonen sin illustrasjon av fjernverknaden fekk politikarane til å be om synfaring (ill: Os kommune)

Normalt ber ikkje politikarane om synfaring så tidleg i ein reguleringsprosess som når dei skal gje løyve til oppstart av reguleringsarbeidet, men på Hjelle såg dei det som naudsynt.

– Det virkar som eit spennande prosjekt, kanskje volumet er litt høgt og vi bør nok spesielt sjå på infrastrukturen og fortau. Prosjektet vil nok virka dominerande for området, så eg foreslår vi tek ei synfaring og ser litt nærare på det, foreslo Ove Frotveit (Frp) etter at tiltakshavar Hjelle Utbygging AS hadde presentert planane.

Små leilegheiter for etablerarar

Planen omfattar seks punkthus med tilsaman 36 leilegheter frå 55 til 75 kvadratmeter, noko som med parkeringshus og parkeringsarealet vil gje ein utnyttingsgrad på einstad mellom 60 og 70%.

Det meiner administrasjonen er for høgt, og at ein staden bør tillata rundt 40%. Det vil gje rom for 15-20 leilegheiter i følgje saksutgreiinga.

– Når det gjeld antal leilegheiter, så snakkar vi her om små leilegheiter. Det er mange i etableringsfasen som slit med å komma inn på bustadsmarknaden. Om vi skal byggje med 40% utnytting, så snakkar ein om einebustadtomter. Vi ønskjer å byggje små leilegheiter, med tanke på å ny førstegongsetablerarane, sa Bjørn Døsen frå Hjelle Utbygging AS som ein kommentar til administrasjonen sitt ønskje om å redusera omfanget. Kva prisen vil bli for leilegheitene var for tidleg å seie noko om.

Av omsyn til området

Terje Sperrevik (TVS) lurte på kva tanker administrasjonen hadde gjort seg rundt det å setta 40% som eit tak.

– Det har med den generelle utbygginga i området for øvrig å gjera. Med 40% legger du opp til ei utbygging som er meir i tråd med det som er rundt, og det er det vi saksbehandlar etter, forklarte Henning Wenaas Ribe, arealplanlegger i kommunen.

Kva med infrastrukturen?

Espen Aspenes (Frp) peika på at det er omlag 20% skilnad mellom det utbyggar og administrasjonen ønskjer.

– Det har jo vore historiske diskusjonar på Hjelle omkring infrastruktur og slikt. Kan ein seie noko omkring dette. Korleis påvirkes det enten utbygginga blir slik eller slik?

– Det som manglar er fortau og sånn. Eg vil tru vegvesenet vil vera på også i denne saka, både når det gjeld Hegglandsdalsvegen og Borgavegen. Ein kan få til gode gangforbindelser internt i området. Men det vil uansett bli ei auke i trafikktalet som kan gjera det belastande for dei som bur der, svara Wenaas Ribe før saka blei utsatt for synfaring.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.