Lokal | 17. nov. 2016

20.031 innbyggarar i Os

Folkeveksta førre kvartal var låg, men nok til at vi passerte 20.000 innbyggarar.

20.031 innbyggarar i Os
Mellom 1. juli og 30. september passerte vi 20.000 innbyggarar i Os. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 17. nov. 2016 08:02

Ved utgangen av 2. kvartal, altså i slutten av juni, var vi 19.980 innbyggarar i Os.

No har vi, som venta, passert 20.000.

Men hugsar du i 2014? Då passerte vi 19.000 innbyggarar i 2. kvartal, men gjekk for første gong på 13 år tilbake i folketal i eit kvartal og kom under 19.000 igjen i 3. kvartal.

Les òg: Desse tala overraskar ordførar og meklar

Auka med 51

I dag kom Statistisk Sentralbyrå, SSB.no, men ferske innbyggartal, riksdekkande og på kommunenivå.

Ved utgangen på 2. kvartal var det 19.980 innbyggarar i Os, frå juli til september auka vi med 51.

Heile 314 flytta til Os (276 innanlandsk + 38 innvandrarar), men 306 flytta ut (266 + 40).

Fødde: 69
Døde: 26
(Fødselsoverskot: 43)
Innvandring: 38
Utvandring: 40
Innflytting (innanlandsk): 276
Utflytting (innanlandsk): 266
(Netto, inn/ut utl/innlandsk: 8)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.