Sport | 18. nov. 2013

3 løp - 3 persar

Sverre Lunde Pedersen held fram med å imponera i OL-sesongen. I superraske Olympic Oval i Salt Lake City satte han like greit personleg rekord på alle distansane han gjekk.

3 løp - 3 persar
Sverre Lunde Pedersen viste igjen at OL-formen er inne etter tre personlege rekordar i Salt Lake City i helga (arkivfoto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 18. nov. 2013 12:47

Sesongens andre world cup gjekk i Olympic Oval i Salt Lake City på det som av mange blir kalla verdas raskaste skeisebane. Sverre Lunde Pedersen viste at bana held mål då han i helga satte personleg rekord på alle dei tre distansane han stilte opp på.

– Eg er godt nøgd med helga. Tre nye persar på 1500 meter, lagtempo og 5k, oppsummerar osingen på Twitter.

– No er eg klar for ei lita veke heime, før neste WC i Astana, skriv Lunde Pedersen.

Nærmar seg noregsrekorden

Lunde Pedersen pustar Håvard Bøkko i nakken når det gjeld den nasjonale rekorden på 1500 og 5000 meter.

På 1500 meter gjekk han eit nytt sterkt løp og klokka inn på 1.43.25, berre 58 hundredel bak Bøkko sin norske rekord.

Tida var ei forbedring på neste eitt sekund frå world cup-løpet i Calgary, kor Lunde Pedersen starta jakta på nye rekordar med 1.44.13.

– Eg følte eg hadde meir inne, sa Lunde Pedersen etter løpet i Calgary.

Også på 5000 meter ligg Lunde Pedersen no berre tidelar bak Bøkko etter at han sundag gjekk inn til ein 6. plass med tida 6.10.47.

Bøkko sin norske rekord er på 6.09.94. Vann gjorde suveren Sven Kramer frå Nederland på 6.05.59.

Dro laget til ny rekord

På lagtempo saman med Håvard Bøkko og Håvard Holmefjord Lorentzen knuste Lunde Pedersen den norske rekorden då dei gjekk inn på tida 3.37.94 og ein fjerde plass berre 0,7 sekund bak sølvet.

Mykje av æra for den gode tida skal osingen ha, som tok føringa i store deler av løpet. Faktisk gjekk han så raskt at lagkameratane hadde si fulle hyre med å henga på.

Neste verdscup-løp går i Astana, Kazakstan 29. november - 8. desember.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.