Sport | 18. aug. 2014

3. plass i NM-løypa

Geir Storetvedt Skaten kom på 3. plass i Nuten Opp. Også i Rallarvegsløpet gjorde deltakarar frå Opptur Motbakkeklubb det skarpt.

3. plass i NM-løypa
Nuten Opp: Geir Storetvedt Skaten kom på 3. plass uansett klasse, Kjetil Styrvoll på 5. plass i aldersklassen 40-44 år. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. aug. 2014 11:42

Bildeserie:

Skaten på veg opp eit av dei brattaste løpa i Noreg. (Privat foto)
Skaten på veg opp eit av dei brattaste løpa i Noreg. (Privat foto)
Dei seks beste i Nuten Opp. (Privat foto)
Dei seks beste i Nuten Opp. (Privat foto)
Fleire osingar deltok i Rallarvegsløpet. (Privat foto)
Fleire osingar deltok i Rallarvegsløpet. (Privat foto)
Stein Kjetil Hefte kom på 16. plass. (Privat foto)
Stein Kjetil Hefte kom på 16. plass. (Privat foto)
Klas (t.h.) kom på 13. plass, Håvard (t.v.) på 4. plass. (Privat foto)
Klas (t.h.) kom på 13. plass, Håvard (t.v.) på 4. plass. (Privat foto)
Resultatlista.
Resultatlista.
Løpet var over to dagar. Utsikta frå hytta på Finse var det ikkje noko å seia på. (Privat foto)
Løpet var over to dagar. Utsikta frå hytta på Finse var det ikkje noko å seia på. (Privat foto)
1 av 7

Kvardagen er i gang og det nærmar seg september og høgsesong for motbakkeløp.

– Om to veker blir vi nok ein gjeng som stiller i det nye løpet Førstemann til Mølla, opp til vindmøllene på Fitjar. Så kjem det fleire lokale løp, som Langedalen Opp, Liafjellet Opp og Stoltzen, seier Geir Storetvedt Skaten.

Skaten, som vann klassen sin i NM (Hovlandsnuten Opp) i midten av juni, har vunne klassen sin (40-44 år) i alle løp han har deltatt i dette året.

For ei veke sidan vann han klassen sin og kom på 3. plass uansett klasse i Nuten Opp. Løpet, som går i Rosendal, var NM i 2012.

– Nesten for bratt

Nuten Opp startar ved Rosendal Stadion og har målgang på toppen av Malmangernuten på 892 meter. Løypa er 3,7 km lang og er med 24 % stigning eit av dei brattaste løpa i Noreg.

– Det er så bratt at store delar av løypa er det berre til å gå, det er ingenting å vinna på å løpa uansett kor sprek du er.

– Det passar meg i grunnen dårleg, eg er best på slike parti som er på slutten av Nuten Opp, med litt opp og ned og meir teknisk krevjande. Men det gjekk fint.

Skaten har deltatt i Nuten Opp to gongar før, sist i 2012. I år betra han tida si med rundt eitt minutt.

Treningskamerat Kjetil Styrvoll frå Opptur Motbakkeklubb kom på 5. plass i sin aldersklasse.

Gode plasseringer i Rallarvegsløpet

Tidlegare i sommar, 19. og 20. juli, gjekk Rallarvegsløpet av stabelen. Også her var det osingar som gjorde det bra.

Rallarvegsløpet går over to dagar, 54 km og opp 1.334 meter frå Flåm til Finse første dag, 27 km og ned 200 meter frå Finse til Haugastøl dag to.

Frå Opptur Motbakkeklubb kom Klas på 13. plass og Stein Kjetil Hefte på 16. plass.

– Eg trur eg var einaste debutant av gjenger frå Os. Bortsett frå at eg blei dårleg i magen, truleg grunna ei uheldig blanding av to sportsdrikkar, var det eit flott løp i fantastisk natur!

– Tidene var ikkje så gode i år, då det var veldig varmt, men eg kom meg i mål på ei samla tid (54 + 27 km) på 7 timar og 50 minutt.

«Semi-osing» Håvard Austevoll frå Kalandseid IL gjorde det best av dei i reisefølgjet og tok ein imponerande 4. plass i det til saman 81 km lange løpet.

Osingen Pål Hjertholm var også med. Han hamna på 35. plass og fekk pris for 5. gongs deltaking.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.