Lokal | 31. aug. 2015

35 vil ta høgskulepoeng i Os

I september startar Folkeuniversitetet sitt første semester i Os. Fleire studie vil koma.

35 vil ta høgskulepoeng i Os
Os vgs skal husa Folkeuniversitetet dette skuleåret. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 31. aug. 2015 08:39

I mai fortalte vi at Folkeuniversitetet Vestlandet var på veg til Os. Responsen på tilbodet var god og begge dei planlagte studia, spesialpedagogikk for assistentar (30 studiepoeng) og personalpsykologi (15 studiepoeng) blir gjennomført.

– Vi treng 12 studentar for å starta.Til personalpsykologi, som startar laurdag 5. september og går over fire helgesamlinger, har vi 13 påmeldte.

Undervisinga vil føregå på Os vidaregåande skule.

– Til spesialpedagogikk, som går frå 17. september på kveldstid fram til mai, har vi 22, fortel studiekonsulent Monika Hauge.

Rundt 80 prosent av studentane er frå Os. Nokre av dei tilreisande kjem frå stadar som Austevoll og Bømlo.

Nye fag neste år

Folkeuniversitetet er glad for interessa for tilboda i Os og seier dei håper på å bli verande i kommunen.

– Vi set opp motivasjonspsykologi frå februar av. Det er fint å ta i oppfølging av personalpsykologi, som går no i haust.

– Neste haust kan det koma andre fag, truleg arbeid- og organisasjonspsykologi eller rekneskapsfag.

Det er tre ulike måtar å kvalifisera for studie ved Folkeuniversitetet. Du kan ha generell studiekompetanse, men det er også kombinasjonar av skule og arbeidserfaring som kan gjera deg kvalifisert.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.