Lokal | 20. mars 2014

68 ønskjer KUP-middel

68 privatpersonar, lag og organisasjonar har søkt på dei kommunale KUP-midla.

68 ønskjer KUP-middel
Kultursjef Lisbeth Axelsen gler seg over det breie engasjementet i Osbygda (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 20. mars 2014 07:47

1. mars gjekk søknadsfristen på dei kommunale KUP-midla (Kulturelt utviklingsprogram). No har kultursjef Lisbeth Axelsen telt opp årets søknader.

– Totalt har det kome inn 68 søknader med ein total søknadssum på omlag 3 720 000 kroner, oppsummerar Axelsen.

Nytt i år er at formannskapet delar ut heile millionen dei har til rådigheit i ein bolk. I fjor splitta dei nemleg det opp i to runder, ein på våren kor det kom inn omlag 40 søknader på tilsaman 3,6 millionar og ein på hausten kor 32 søknader summerte seg til 2,25 millioner. Rett nok var eindel av desse dei same som søkte, og ikkje fekk, på våren.

Breitt spekter

Søknadane kjem frå eit breitt spekter i Os sitt kultur- og idrettsliv. Frå einskilde personer til kommunale verksemder, idrettslag og festivalar som Osfest.

– I år, som i fjor, er det stor spredning i kva det søkes tilskot til.

– Men du verden kor stort aktivitetsnivå det er i bygda og kor mange som vil mykje, kommenterar kultursjefen.

Søkandane skal no handsamast av ei politisk arbeidsgruppe før formannskapet på sitt møte 8. april står for den endeleg tildelinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.