Fotball | 04. mai 2013

7-2 og 5-0

Søfteland og Søre Neset slo kvar sin serieleiar fredag kveld.

7-2 og 5-0
Niklas Linde sette to av Søfteland sine sju mål mot Tertnes 2 fredag kveld, eitt av dei på straffe. Simon Aasen (t.h.) skåra eitt. (Foto: Henrik Mjelva)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 04. mai 2013 12:25

Fredag spelte Søfteland og Søre Neset heimekamp i kvar si sjettedivisjonsavdeling.

Søfteland møtter Tertnes 2, som dei grunna flytting av dato også spelte mot i førre runde.

– På bortebane mangla vi ein del snetrale spelarar, i tillegg var vi litt uheldig med tre dødballmål imot, seier trenar Kenneth Svenningsen om 5-3-tapet på bortebane.

Tertnes 2 toppa tabellen før gårsdagens kamp på Stilvoll, og på heimebane var det Søfteland som styrte.

Søfteland - Tertnes 2 7-2 (5-2)
Målskårarar, Søfteland: Ulrik Opsahl 3, Niklas Linde 2, Simon Aasen og eit sjølvmål av Tertnes 2.

– Vi styrte heile kampen og burde ha putta endå fleire. I 2. omgang låg vi lenge med fire på topp i 4-2-4-formasjon. Tertnes 2 fekk verkeleg kjørt seg på den vesle banen vår, seier Svenningsen.

Søfteland står med tre sigra og eitt tap etter dei fire første rundane.

– Endeleg sette vi sjansane våre

Søre Neset har starta sesongen med to uavgjorte. I går tok dei imot Mathopen, som sto med 6 poeng og 5-0 i målforskjell etter dei to første rundane.

Sjå tabell.

– Dei stilte med same mannskap som eg har sett dei har spelt med når eg har vore og sett dei, men tok kanskje lett på oppgåva i går, seier Søre Neset-trenar Stian Kvåle.

Søre Neset - Mathopen 5-0 (3-0)
Målskårarar: Alexander Thuen 2, Emilis Zilinskas, Tore Tvedt og eit sjølvmål av Mathopen.

Mathopen fekk ein spelar utvist i første omgang, då det sto 2-0.

– Endeleg sette vi sjansane våre, og vi var nærmare tosifra enn dei var redusering, seier Kvåle, nøgd med gårsdagens siger.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.