Statens vegvesen, her frå ein tidlegare kontroll i Hjellemarka, sjekka nesten 1500 bilar i Os torsdag. (Arkivfoto: KVB)

8 blei avskilta, 4 andre fekk bruksforbod

Statens vegvesen kontrollerte 1.464 bilar i Os. Mange køyrde utan baklys.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag hadde Statens vegvesen trafikkontroll to stadar i Os, frå klokka 11 til 18.30.

Dei brukte også skilskanning, noko som effektivt avdekka mange manglar.

Av 1.464 kontrollerte køyretøy var 61 innom kontrollplassane. 11 av desse fekk skriftleg mangel, 4 fekk bruksforbod og 8 blei avskilta.

– Vi sto i på E39 i Hjellemarka først. Her blei fem bilførarar ilagt gebyr for manglande bilbelte og tre bilar blei avskilta, fortel kontrolleiar Lars Harald Drange frå Statens vegvesen.

Køyrde med låst hjul

Etter nokre timar i Hjellemarka flytta vegvesenet seg til Os sentrum.

Der blei fem bilar avskilar og fire fekk køyreforbod, inkludert ein bil som hadde tilhengar med vesentleg mangel.

– Det eine hjulet gjekk ikkje rundt, hengaren slepte låst hjul med seg på vegen.

Har du lys på «auto»?

Dei tre andre bilane som fekk køyreforbod mangla lys.

– Når det eine lyset framme manglar kan bilen lett bli tatt for å vera ein mc, noko som kan føra til farlege situasjonar.

Dei tre måtte skaffa lyspære og skifta denne før dei fekk køyra vidare.

– Mange køyrde i mørket utan at baklyset var tent, fleire av desse sa at dei ikkje visste at dei køyrde utan baklys.

– Alle som køyrer nyare bilar bør lesa instruksjonsboka eller kontakta forhandlar så dei lærer seg rett lysbruk. Har du lysbrytar som kan setjast på «auto», så bruk denne, då tilpassar bilen seg forholda.