Frå Os - Aalesund 2 heime. Den involverte spelaren er ikkje på bildet. (Foto: KVB)

Aalesund 2 - Os: Dommen er komen

Sånn reagerer NFF på bruken av Eliteseriespelaren.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Måndag fortalde Os Fotball at dei hadde sendt protest til NFF etter at det viste seg at Aalesund 2 hadde brukt ein spelar som ikkje var speleberettiga til denne kampen.

Jørgen Hatlehol, som spelte frå start og skåra 2-0-målet i kampen som enda 2-2, spelte også frå start i førre seriekamp med Aalesund sitt A-lag.

Torsdag ettermiddag blei saka behandla av Doms- og sanksjonsutvalet i NFF:

«Protesten fra Os Fotball avvises. Kampresultatet opprettholdes.»

Dei skriv vidare: «Av sakens dokumenter fremgår det at NFF ikke mottok varsel fra Os innen 24 timer etter kampens slutt om at protest ville bli nedlagt. Varsel om at klubben ville sende inn protest ble innsendt etter litt over 27 timer etter kampens slutt, og således litt over tre timer etter fristens utløp. Det er dermed på det rene at vilkåret i § 5-5 (3) ikke er oppfylt.»

– Vi vil vurdera å anka, seier dagleg leiar i Os Fotball, Endre Brenne.

Begge partar har no tre døgn på seg til å anka dommen.

• Mål og innbyrdes: Her er smertegrensene for Os i nedrykksstriden

Då Midtsiden snakka med dagleg leiar Geir S. Vik i Aalesund FK onsdag, sa han dette:

– Vi må berre beklaga. Vi gjekk nøye gjennom alle gule kort gjennom heile sesongen for å vera sikre på at vi stilte med rett mannskap til denne kampen. Landslagspausen gjorde at det var ei stund sidan Hatlehol hadde spelt, men det var uansett dårleg av oss å ikkje oppdaga at han faktisk spelte førre serierunde.

Det er, etter omtalen måndag, kome fram at Os leverte protesten innan fristen (48 timar), men at dei ikkje heldt fristen som gjeld for å varsla at det vil koma ein protest. Denne er på 24 timar etter kampslutt, altså klokka 17.00 søndag, mens Os varsla nokre timar seinare.

Spørsmål om Aalesund ville anka, om Os fekk medhald, ville Vik ikkje svara på før han såg kva ein eventuell sanksjon blei.

– Mest rett at Os får oppreising

Det var sportssjef i Os Fotball, Jan Frode Skeie, som nærmast ved eit slumpetreff oppdaga feilen til Aalesund.

– Då Vålerenga-Aalesund sin kamp i Eliteserien starta søndag klokka 18, tenkte eg at eg skulle sjå over kven som hadde spelt for A-laget til Aalesund dei siste kampane, fortel Skeie.

Han understreker at det uansett er viktigast at Os avsluttar med stil og speler ein god kamp mot Brattvåg laurdag.

Skeie oppdaga at målscorar Hatlehol ikkje skulle spelt mot Os og byrja med å prøva å få tak i folk i Hordaland fotballkrets før klokka 18.30.

– Sjølv om vi var eit par timar for sein med å varsla at vi ville senda protest, synest eg det er rettvist at Os får oppreising. Laget var knapt kome heim frå Ålesund då eg oppdaga dette, og tok diskusjon med trenarane.

– Hatlehol blei avgjerande for kampresultatet og skulle ikkje spelt. Landslagspausen gjorde dessutan at vi møtte 9 frå Haugesund sitt A-lag kampen før, også denne enda uavgjort, så vi har ikkje akkurat vore heldige med andrelaga vi har møtt den siste tida.

Målforskjell kan avgjera

Avgjerda betyr at Os framleis kan rykka ned. Dei toler å tapa for serieleiar Brattvåg i morgon. Os har 5 og 10 mål betre differans enn Stord og Haugesund 2, som er 3 poeng bak og møter kvarandre i siste runde.

Men utan oppreising frå tabben til Aalesund skal det ikkje meir til enn at Stord tar ein solid siger og Brattvåg vinn med med nokre mål for at Os rykker ned til 4. divisjon i morgon.

Tabell og terminliste