Næringsliv | 28. aug. 2016

ABO har etablert seg på Stord

Plan- og arkitektkontoret frå Os byr på utvida kompetanse med nyoppretta firma.

ABO har etablert seg på Stord
Styreleiar Bjørn Atle Drange og dagleg leiar Arne Kristian Kolstad saman med Karoline Eldøy og Turid Verdal.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. aug. 2016 19:47

I juli blei ABO Plan & Arkitektur Stord AS stifta. Selskapet er eigd av ABO plan og arkitektur AS frå Os saman med Karoline Eldøy og Turid Verdal frå Stord.

– Dei kom til oss etter at selskapet dei jobba for, Akvator, i sommar blei selt til Multiconsult, fortel dagleg leiar i ABO, Arne Kristian Kolstad.

Karoline Eldøy har jobba i Akvator i ti år og var nestleiar då selskapet blei selt.

– Akvator var eit selskap med meir spenn i fagområda, vi ønskja både å starta for oss sjølv og å bli del av eit større fagmiljø innan vårt eige område, fortel Karoline Eldøy.

Ho er arealplanleggar, kollegaen Verdal er naturforvaltar.

– ABO har stor fagleg tyngde og er av omtrent same storleik som Akvator var. Vi har òg hatt litt med ABO å gjera tidlegare, blant anna då vi har rekna saman på enkelte anbod, og fann det naturleg å retta oss mot naboane over fjorden.

Ein styrke frå sør

Det etterkvart så store 30 år gamle arkitektkontoret frå Os har dei seinare åra vakse mykje, ikkje minst innan plankompetanse.

Saman med dei to på det nyetablerte kontoret på Stord tel ABO 34 tilsette.

– Vi utvidar ikkje berre for å utvida, men den kompetansen Eldøy og Verdal sit på supplerer det vi har frå før. Strandsone og sjø er spesielt interessant, blant anna fordi det blir diskutert endringar som kan føra til at ulike tiltak i sjø blir omfatta av plan- og bygningsloven, seier Kolstad.

Han synest dessutan det er geografisk spennande for ABO å sjå sørover i fylket.

– Vi ser for oss at ABO Stord kan veksa og med tida få inn arkitektar på denne avdelinga òg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.