Lokal | 03. feb. 2014

Aktivitetsplikt for sosialhjelp

Emil Tetlie Brimsholm (H) vil ha sosialhjelpsmottakarar i aktivitet ved å laga ein plan for arbeidsplikt for sosialhjelpsmottakarar i Os kommune.

Aktivitetsplikt for sosialhjelp
Emil Tetlie Brimsholm (H) fremja framlegg om aktivitetsplikt for sosialhjelpsmottakarar (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 03. feb. 2014 14:48

Det var til kommunestyret i førre veke Tetlie Brimsholm hadde fremja ein interpellasjon (skriftleg spørsmål til ordføraren, journ.mrk) kor han ba om administrasjonen koma tilbake med ein plan for innføring av arbeidsplikt for sosialhjelpsmottakarar i Os kommune.

– I Agderkommunen Åmli blei talet sosialhjelpsmottakarar redusert frå 6 % til 1 % av kommunen sine innbyggjarar etter at kommunen innførte aktivitetsplikt for sosialhjelpsmottakarar.

– Meiningsfylt aktivitet og arbeid gir sosiale nettverk, sjølvkjensle og verdighet.

– Det å bli stilt krav til, samt å læra seg ei rutine kor ein står opp om morgonen for å utføra eit arbeid er svært viktig med tanke på ein framtidig overgang til jobb eller utdanning.

– I dag blir det stilt visse krav til deltaking på kurs og jobbsøking. Å stilla krav er å bry seg. Os kommune må difor i større grad stilla krav til aktivitet og arbeid for dei som mottar sosialhjelp i kommunen. Samstundes må kommunen i større grad legga til rette for slikt arbeid i kommunal regi.

– Dette gjeld spesielt yngre sosialhjelpsmottakarar, som er i ein særleg sårbar situasjon, argumenterte Tetlie Brimsholm i interpellasjonen.

Berre 4 utan aktivitet

Ordførar Terje Søviknes (Frp) var samd i at det var eit viktig tema Tetlie Brimsholm tok opp.

– Sjølv har eg alltid vore tilhengjar av arbeidsplikt som prinsipp, og meint som interpellanten at dette vil ha positiv verknad spesielt for unge sosialhjelpsmottakarar.

– Dei seinare åra har NAV utvikla seg i retning av at stadig fleire må ta del i ulike aktivitetar for å kunna motta økonomisk støtte.

– Frå administrasjonen får eg opplyst at ein ved NAV Os meiner at ein gjennom standard for arbeidsretta brukaroppfølging har "arbeid først" på agendaen. Dessuten stiller ein vilkår til alle om aktivitet ved søknad om sosialhjelp .Unntaka er der helseplager er dokumentert og trygd er "vegen".

– Ein har per tida berre 4 ungdommar i Os som ikkje er i ein eller annan form for aktivitet.

Ba tenesteutvalet sjå på saka

Trass i at det ikkje for augenblinken er mange ungdommar som er omfatta av problemstillinga fann ordføraren temaet så interessant å få nærmare belyst at han ville sende saka til tenesteutvalet for vidare oppfølgjing.

– Eg vil rå kommunestyret til å oversenda saka til tenesteutvalet med følgjande framlegg til vedtak; Kommunestyret ber rådmannen fremja ei sak for tenesteutvalet med ei vurdering av om arbeids-/aktivitetsplikt for sosialhjelpsmottakarar er eit tenleg tiltak i Os, inkludert kva moglegheiter, avgrensingar, konsekvensar og økonomiske og praktiske forhold eit slikt tiltak vil innebæra, fremja Søviknes.

Vedtaket fekk samrøystes tilslutning i kommunestyret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.