Lokal | 04. mars 2015

Alle desse ligg ulovleg

Hytteeigarar som er avhengige av kaien på Halhjem fortviler. – Den siste tida har vi måtta reist til Os eller Vedholmen for å få varer om bord.

Alle desse ligg ulovleg
Hyttefolk er avhengige av varelevering på denne kaien, men no er den full av feilparkerte båtar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 04. mars 2015 10:51

På Halhjem ferjekai er det fleire meter med kai som er meint for av- og pålessing og allmenn kortvarig bruk.

Både den vesle flytebrygga og den gamle ferjekaien like ved gatekjøkkenet kan nyttast, men ikkje på den måten som enkelte no tar seg til rette på.

– Den eine båten har lagt der i minst eit år, og no etter orkanen «Nina» er kaien rett og slett full, fortel ein hytteeigar som har kontakta Midtsiden-redaksjonen.

Viktig kai for hyttefolket

Ho og andre gjestar med hytte i skjergarden utanfor Halhjem bruker ofte kaien til å ta varer om bord, eller til å henta venar som kjem med buss.

– Dei siste vekene har det vore trangt om plassen og no er det heilt fullt. Av og til er flytebrygga full, men for oss er problemet størst no når kaien er full. Om vinteren har vi, som mange andre, småbåten på land og bruker ein større båt til og frå hytta.

– Å legga til med flytebrygga når det er er mykje bølgjer, slik det var i helga, er med risiko for skade når du har ein stor båt.

– Ein vanskeleg jobb

Hytteeigaren Midtsiden snakka med fortel om fleire forsøk på å få Statens vegvesen, som eig kaien, til å få båtane fjerna.

– Dei seier det er vanskeleg når dei ikkje veit kven eigar er, men noko må gjerast. Det kan umogleg vera sånn at det er fritt fram berre du er frekk nok.

Rolf Nordeide hos Statens vegvesen seier han kjenner til problemet, og at det no er gjort tiltak for å få båtane vekk.

– Det stemmer at det kan vera vanskeleg for oss å få båtar fjerna. Vi har hatt tilsvarande problem andre stadar i fylket òg, for eksempel på Steinestø, der vi hadde ein som låg fleire månadar mens han pussa opp båten sin.

Fann folk med lokalkunnskap

Men vegvesenet har nyleg kontakta entreprenøren dei bruker på Halhjem ferjekai, BMO Entreprenør AS, og blant sine tilsette har BMO to frå Os.

– Dei kjenner eigar på éin av båtane, og vil få vedkomande til å flytta vekk. Båteigarar kan be om å få ligga eit par døgn, som naudhamn, eller om det er noko spesielt. Men det er ingen av desse som har bedt om løyve og no når kaien er full vil vi uansett ha dei vekk snarast råd.

Om ikkje dei finn eigar på dei andre båtane vil vegvesenet følgja opp ved å kontakta Os lensmannskontor og Os brannvesen, som har betre lokalkunnskap og kanskje kjenner eigar på fleire av båtane.

– Eg har høyrd at ein av desse båtane i lang tid låg i Os hamn, så det er nok nokon som veit kven eigar er. Om båteigarane les dette ber eg dei flytta båtane sine så snart dei kan.

– Det er kanskje ikkje alle som var klar over at kaien er viktig for andre, heile året, men det er han, seier Nordeide.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.