Sport | 21. aug. 2010

Alt klaffa

Os leverte årsbeste og tok ein fortent 4-0-siger over Frigg.

Alt klaffa
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 21. aug. 2010 12:48

Bildeserie:

1 av 10

Laurdag 21. august:
Os - Frigg: 4-0 (1-0)
Målskårarar: Vegard Leikvoll Moberg (2), Erik Kanestrøm og Remi Osebakken

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

Gjestane var heldige som gjekk til pause berre eitt mål bak Os. Frigg låg på 5. plass før dagens møte med botnlaget Os, men var sjanselause på Kuventræ.

- Vi spelte naivt, flytta backane for tidleg opp og hadde vanskar med å spela på gras. Os var sterke, stoppa oss høgt på banen og vann alt av andreballar, seier Frigg-trenar Magnus Aadland etter kampen.

- Sterkt forsvarsarbeid
Os-trenar Frank Hellevik fortel at hovudfokuset før kamp var det defensive arbeidet.

- Dani og Per leverte i 90. minutt, Frigg skapte ikkje noko, seier han nøgd, og får støtte av keeper Halvard.

- Det kom ein og annan god pasning, men dei få avsluttingane eg måtte ta var enkle.

Mange sjansar
Backane Glesnes og Osebakken var god synlege framme på banen, Anders med to frispark i første omgang som ikkje var så langt frå nota og Remi med skåring etter fint samspel med Erik Kanestrøm og Frode Buvik.

Remi og Erik gjorde dessutan forarbeidet då Vegard skåra kampens første. Erik skaut over på ein kjempesjanse i andre omgang, men fekk ny sjanse og skåra sitt første mål i 2. divisjon då han sette inn 2-0-målet i 54. minutt.

Kalstad og Leikvoll Mober på topp
Daniel Kalstad, som også spelte på topp mot Vålernga 2 førre helg, fekk med seg Vegard i front frå start. Ekstremt raske Daniel blei viktig brikke i fleire angrep, ikkje minst då han rista av seg to på høgre kant og la inn til det som blei Kanestrøm si skåring.

Vegard gav først Os leiinga, så blei han kåra til dagens osing og til slutt sette han inn 4-0-målet etter å ha blitt spelt gjennom av Torkel Hjertnes.

Klatra to plassar (oppdatert)
Sjølv om Os tok tre poeng, og Fana og Stord låg 1 og 2 poeng framfor, var det ikkje sikkert at Os klatra på tabellen etter 17. runde.

Men seinare laurdag ettermiddag spelt Stord mot Åsane og Fana mot Førde. Stord og Åsane spelte 1-1 medan Fana tapte 1-2 for Førde.

Os har betre målforskjell enn Stord og klatra derfor to plassar på tabellen i dag.

SJÅ TABELL

Os sitt lag frå start: Halvard Enes, Anders Glesnes, Dani Alvær Bergstø, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Torkel Hjertnes, Frode Buvik, Stian Lunde, Erik Kanestrøm, Vegard Leikvoll Moberg og Daniel Kalstad.

Byte:
Mats Lepsøe - Moberg
Martin Eidsvik - Kanestrøm
Ramo Racic - Buvik

Gule kort, Os: Anders Glesnes, Vegard Leikvoll Moberg og Remi Osebakken

Os speler også neste kamp på heimebane, laurdag 28. august mot Fana.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.