Næringsliv | 24. feb. 2016

Amfisenteret utvidar

Europris får lokale på eitt plan og senteret får 500 ledige kvadratmeter.

Amfisenteret utvidar
Inntil langsida på Europris-bygget kjem eit tilbygg som skal stå klart til hausten. Bygget får flatt tak der du kan gå frå p-plass inn i 2. etasje, som blir ledig når Europris samlar seg i etasjen under. (Foto: KVB, skisse: Ark. Waage AS)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. feb. 2016 08:58

Tomta er sperra av og det nærmar seg byggestart i Prestegardsskogen.

Ein av dei som gler seg mest er May-Britt Nymark Skåla, eigar av Os Lavpris AS, som driv Europris på AMFI Os.

Alt på eitt plan

– Butikken blir ikkje så mykje større, den aukar frå 1250 til 1350 kvadratmeter, men det blir godt å få alt samla på eitt plan, seier ho.

– Vi kjem ikkje til å sakna trappa. Vi har prøvd å ha varer som er lett i vekt, så folk skal få det med seg ned frå 2. etasje. Men det er grenser for kor mykje du får med deg i éin omgang, utan handlevogn, og vi har dessutan kundar som ikkje klarer å gå i trapper, som kjem med barnevogn, rullestol eller er svak til beins.

Held ope fram til innspurten

May-Britt har jobba på Europris sidan opninga i april 1998. I 1999 blei ho butikksjef, i januar 2009 kjøpte ho selskapet som har Europris på Os.

– Starten var god og vi har auka kvart år. Men no er det 12 år sidan sist det blei gjort noko særleg med lokalet, så det blir godt å få alt i ny profil, men ny belysning og ny innreiing.

Eurorpis held ope frå byggestart og fram til rundt 10 dagar før opning.

– Dato er ikkje sett, men det blir etter skulestart til hausten, seier Nymark Skåla.

Får 500 ledige kvadratmeter

Nybygget kjem langs nesten heile langsida på Europris-bygget. Ny inngang kjem i nybygget, mens det i området ved dagens inngang kjem port til lageret.

– Taket blir flatt og bygd for gåande. Grunnforholda er så utfordrande at vi bestemte oss for ikkje å ta kostnaden med nok fundamentering til at vi kunne hatt parkering på taket, seier regionsjef vest i Amfi Drift AS, Solveig Oksholm Hunhammer.

Frå taket får du direkte tilkomst til ny og utvida versjon av det som i dag er 2. etasje hos Europris.

– Her får vi 500 kvadratmeter ledig for utleige. Dette arealet skal stå klart før julehandelen set inn, fortel Hunhammer.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.