Kultur | 05. okt. 2016

André gjer kjempesuksess i USA

Filmregissør André Øvredal frå Lysefjorden vann i helga to prisar for to ulike filmar på to ulike filmfestivalar i USA.

André gjer kjempesuksess i USA
André Øvredal på settet under innspelinga av «The Autopsy of Jane Doe» (privat foto)
Andris Hamreonsdag 05. okt. 2016 10:36

André Øvredal blei for alvor kjend som regissør då den norske «Trolljegeren» blei ein braksukess i 2010. Det brakte han fram i det internasjonale søkelyset.

No har han nettopp kome med spelefilmen «The Autopsy of Jane Doe» og kortfilmen «The Tunnel».

I helga blei begge filmane vist på filmfestivalar i USA, kor «The Autopsy of Jane Doe» vann prisen for beste grøssar under Fantastic Fest i Austin, Texas - den største sjangerfestivalen i USA.

«The Tunnel» blei samstundes vist på Manhattan Short Film Festival og vann sølvmedalje på festivalen.

– Det er veldig kor det svingar om dagen. Dette er jo filmar eg har jobba lenge med, og det var litt tilfeldig at dei kom ut om lag samstundes. Men det er jo kjempegøy at dei får ei slik mottaking, seier André Øvredal på telefon frå Oslo, kor han er heimom ein snartur.

Ekstrem mottaking

Lysefjordingen var sjølv til stades under visinga av «The Autopsy of Jane Doe» i Texas.

– Folk var veldig begeistra og ekstremt positive. Vi hadde med ein del plakatar som vi signerte og dei gjekk unna på ti minutt.

– Også på Twitter og alle andre plassar kokte det godt etter visninga, fortel Øvredal om filmen som hadde premiere, med like stor sukess, under prestisjetunge Toronto internasjonale filmfestival i september.

Håper den kjem i Oseana

No går turen vidare til europeisk premiere på Sitges International Fantastic Film Festival i Barcelona søndag, før filmen får britisk premiere på London filmfestival torsdag om ei veke.

Norsk premiere blir på festivalen Ramaskrik 20. oktober.

– Får osingane sjå den på Bygdekinoen i Oseana?

– Eg får håpe det. SF har kjøpt filmen for skandinavia og Noreg og har planar om å setja den opp på kino, eg satsar på at den dukkar opp også på Os, om osingane vil sjå den då.

Snakkar med Hollywood

Det er ikkje tvil om at suksessen opnar dører for Øvredal.

– Det gjer det. Det at både «Trolljegeren», og no «The Autopsy of Jane Doe», blir så godt tatt imot viser at eg har stabiliteten til å laga film som treff publikum. Det har opna dører i USA, innrømmer Øvredal, som har vore i dialog med filmbransjen i Hollywood.

– No konsenterer eg meg om den norske filmen «Torden» som vi snart skal spela inn, så får vi ta resten etterkvart som det kjem.

Starta i Lysefjorden

Den eventyrlege filmkarriera starta heime i Lysefjorden.

– Det gjorde den. Heime i Lysefjorden lagde eg masse film saman med kameratar og naboar i tenåra. Då eg var 19 til eg var 23 år var det filmskule i USA, før eg kom heim og starta med reklamefilmar, som eg no har drive med i 10-12 år.

– Det var «Trolljegeren» som blei gjennombrotet. Slik er det i denne bransjen. Det er spelefilmar som tel.

– Kva har du gjort mellom «Trolljegeren» og «The Autopsy of Jane Doe»?

– Jane Doe tok jo tre år å laga og blei spelt inn i England, så mykje tid har gått med til den. Men eg har òg vore borti ein TV-serie i USA ein periode og jobba med mange forskjellige filmar. Men det er ikkje alt du startar på som det blir noko av, avsluttar André Øvredal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.