Lokal | 04. mai 2015

Andre innbrot på tre veker

– Denne gong stal dei øl, vin og eit tomt kassaapparat, fortel innehavar.

Andre innbrot på tre veker
Ruta var lappa saman etter førre innbrot, men blei natt til søndag knust igjen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 04. mai 2015 07:30

For tre veker sidan blei restauranten Aroydee utsett for innbrot, skadeverk og tjuveri.

Tjuven knuste ei rute for å ta seg inn i restauranten.

– Kassaapparatet blei knust og dei stal 1700 kroner i vekslepengar. I tillegg blei det stole noko drikke, fortel innehavar Marirosi Marcellin til Midtsiden.

I går formiddag, tre veker seinare, blei det oppdaga at det nok ein gong har vore innbrot i restauranten.

– Dei knuste ruta som var lappa saman frå sist, stal øl, vin, brus og farris, og tok med seg kassaapparatet, som er tomt.

– Vi har ikkje lenger pengar i kassen etter stengetid.

Politiet har ein mistenkt

Det var klokka 12.20 søndag at politiet blei varsla om innbrotet.

– Vi har sikra fleire spor, blant anna fingeravtrykk og blod, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Dei tekniske spora har førebels ikkje gjort nytte for seg, men basert på etterforsking har politiet allereie ein mistenkt i saka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.