Sport | 29. okt. 2014

Andrelaga tapte siste runde

Os 2 leia tre gongar over Stord 2, Lysekloster 2 gjekk på stortap i ei serieavslutning med litt dramatikk.

Andrelaga tapte siste runde
Ørjan Glesnes gav Os 2 leiinga 2-1. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. okt. 2014 09:38

Søndag blei 5. divisjon avslutta. Os og Lysekloster sine rekruttlag spelte heime, begge mot dei to nest beste laga i avdelinga.

Lysekloster 2 klarte seg bra i éin omgang, Os 2 var nær siger.

Leia tre gongar

Os 2 - Stord 2 3-4 (2-1)
Målskårarar: Stian Bakke, Ørjan Glesnes og Emil Halvér

Os 2 stilte med Frode Øvredal i mål etter at gutespelar Kasper Færøvik fekk A-lagsdebuten sin laurdag. I tillegg hadde dei med seg John Ole Johannessen, Ørjan Glesnes og Stian Bakke frå A-laget, men var elles utan nokre av dei beste junior- og gutespelarane.

– Vi klarte oss veldig bra og leia kampen tre gongar, 1-0, 2-1 og 3-2, fortel assistenttrenar Stian Kvåle.

– Vi hadde Glesnes åleine med keeper, Bakke runda keeper, men brukte for lang tid, og Kopperud hadde skot i stanga. Vi var ikkje langt frå å slå tabelltoaren.

Keeper hamna på sjukehus

Lysekloster 2 - Trott 0-7 (0-1)

– Ein havtime før kampstart hadde vi berre åtte spelarar. Vi måtte henta inn blant anna oldboys, og klarte akkurat å stilla med éin innbytar, fortel Tore Nielsen.

Lysekloster 2 la seg kompakt og til pause sto det berre 0-1. I 2. omgang auka gjestane på og dei siste 5 minutta blei det skåra 4 mål.

– Det blei litt dramatikk òg. Det eine var straumbrotet, som vi heldigvis fekk skikk på så kampen kunne halda fram. Det andre var verre, gjestane sin keeper fekk ein medspelar sin legg i hovudet og blei liggande på matta. Han blei frakta til Haukeland.

– Det er den styggaste skaden eg har opplevd som trenar, men vi har hatt kontakt med Trott, som heldigvis kan fortelja at keeperen har kome seg. Han blir sjukmeldt ei veke, men skal ikkje få nokre varige mèn.

5. og 7. plass

• Os og Lysekloster sine andrelag enda på 7. og 5. plass på tabellen.
• Stord 2 landa på 2. plass og rykker opp saman med serievinnar Solid, Trott kom på 3. plass.
• Viggo og Minde kom på 11. og 12. plass, altså nedst på tabellen.

– Ein halvtime før kampstartgod motstand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.