Næringsliv | 20. apr. 2016

Anita Egge ny leiar i næringsrådet

Anita Egge tek over som leiar i Os Næringsråd. Det blei klart i årsmøtet tysdag kveld.

Anita Egge ny leiar i næringsrådet
Geir Bjørkli, Inger Berit Bøyum, Anita K. Egge og Astrid Dale held fram i styret for Os næringsråd. Her under det første interim-styremøtet i fjor (arkivfoto)
Andris Hamreonsdag 20. apr. 2016 13:30

Os Næringsråd blei etablert med eit interimstyre under næringslivsfrukosten i Oseana i mars 2015.

Tysdag kveld hadde dei det første ordinære årsmøtet, kor eit permanent styre blei vald.

– Det blei meg det, fortel Anita K. Egge når Midtsiden ringjer for å høyra om korleis møtet gjekk og kven som blei ny styreleiar.

Egge har det siste året vore med i interimstyret saman med Kjetil Vasby Bruarøy, Kristian Borgen, Astrid Dale, Inger Berit Bøyum og Geir Bjørkli.

To går ut

Dei tre sistnemnde blir, saman med Egge, med i det vidare styret. Bruarøy og Borgen sto ikkje på gjenval.

– Møtet gjekk fint. Det avtroppande styret fekk skryt for dei arrangementa som har vore arrangert, kor det òg har vore godt oppmøte.

– No skal vi ha første styremøte til veka for å fordela oppgåver og legga ein plan for aktivitetene. Vi skal sjå kva uformelle møteplassar vi skal samle næringslivet i Os på og korleis vi skal helda fram med medlemsvervinga, fortel den nyvalde styreleiaren.

Os Næringsråd har i dag 67 medlemsbedrifter.

Tre nye styremedlemmar

Det nye styret blei samrøystes vald med applaus.

Inn som nye i styret kjem Rune Fjellanger, Arne Kristian Kolstad og Fredrik Smith Fotland.

Det nye styret blir etter dette sjåande slik ut:

Anita K. Egge, leiar for 1 år
Astrid Dale, 1 år
Inger Berit Bøyum, 1 år
Geir Bjørkli, 1 år
Rune Fjellanger, 2 år
Arne Kristian Kolstad, 2 år
Fredrik Smith Fotland, 2 år

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.