Kultur | 19. aug. 2015

Anneli utsett til 2016

Anneli Drecker oppteken med internasjonalt prosjekt. Må utsetta konserten på Oseana.

Anneli utsett til 2016
Anneli Drecker utsett konserten ho skulle hatt i Oseana til 2016 (foto: Stian Andersen)
Andris Hamreonsdag 19. aug. 2015 06:51

Konserten med Anneli Drecker som skulle vore i Oseana fredag 25. september, er utsett til neste år.

- Anneli er invitert med på eit nytt prosjekt. Dette prosjektet skjer samstundes som ho skulle hatt konsert her, men både Oseana og Anneli har veldig lyst at ho skal få delta. Difor har vi blitt einige om å finne ein ny konsertdato, fortel arrangementssjef Berit Steen i ei kort pressemelding.

Dato for ny konsert er ikkje sett endå, men Steen og managementet til Drecker arbeider med å finne ein dato i 2016.

– Dei som allereie har kjøpt billett til konserten kan henvende seg til Oseana sin resepsjon for å få pengane refundert, avsluttar Steen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.