Næringsliv | 20. des. 2011

Årets gaselle i Os

Dagens Næringsliv har kåra Gasellebedriftene i Hordaland. Monika Nord og Lysthuset er på topp i Os.

Årets gaselle i Os
Monika Nord eig Nordtrading Butikk AS, selskapet som eig og driv Lysthuset på AMFI Os. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 20. des. 2011 12:29

Det har blitt kåra stadig færre gasellebedrifter i Os dei siste åra, frå 14 i 2008 til 12 i 2009 og 10 i 2010.

I lista DN har lagt ut i 2011 (for åra 2007-2010) er det berre 3 gasellebedrifter frå Os:

• Nordtrading Butikk AS (Lysthuset)
• Athelas AS
• Prosjekt Vest Bygg AS

På topp i Hordaland finn vi:
1. Orange Helse AS (3107% vekst)
2. Inter Sea AS (1270% vekst)
3. TWMA Norge AS (540% vekst)

Bedriftene frå Os er på følgjande plass i Hordaland:
098. Nordtrading Butikk AS (131% vekst, 2,9 mill i oms. i 2010)
144. Athelas AS (112% vekst, 3,5 mill)
- Prosjekt Vest Bygg AS (237% vekst, 11,2 mill)

– Vi har vore varsame så ikkje det har blitt raude tal på slutten av året, og så har vi vakse jamt, seier Monika Nord hos Lysthuset (Nordtrading Butikk AS).

Nye varer kvar veke og fokus på kvalitet og dei rette merka innan klede og sko har vore viktig del av suksessen.

– Samstundes har eg vore heldig med dei tilsette, jobba mykje sjølv og hatt ein flink rekneskapsførar, seier Nord.

Krav til gasellene

Gaselle er eit namn Dagens Næringsliv har innført for norske bedrifter med ryddig økonomi og jamn vekst over fleire år. Av alle aktive bedrifter med omsetnad over 1 million kroner er det kvart år berre cirka 5 prosent som kan kalla seg Gasellebedrift.

Gasellebedrifter må ha:
• Levert godkjente rekneskap
• Minst dobla omsetnad over fire år
• Omsetnad på over éin million kroner første år
• Positivt samla driftsresultat
• Unngått negativ vekst
• Vore organisert som aksjeselskap

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.