Her set Rafael Villen Villen inn sigersmålet frå 17-18 meter (foto: Andris Hamre)

Årets redning og siger

Med eit tigersprang av ei anna verd redda Andrew Todd sigeren og tre poeng då Os slo Brann 2 søndag.

Av: Andris Hamre

Os møtte eit svært ballsikkert og godt Brann 2 heime på Kuventræ søndag ettermiddag. Gjestane hadde ballen mest, men sleit med å koma til gode sjansar mot eit disiplinert Os-lag.

Siste kvarteret av første omgang kom Os litt meir med og hadde fleire halvfarlege sjansar før heimelaget kom på ei sjanse frå 17-18 meter. Rafael Villén Villén gjorde alt rett og sette ballen i lengste hjørnet bak Brann-keeperen.

Dette blei kampens einaste skåring, og Villén blei matchvinnar for andre kamp på rad. Men keeper Andrew Todd, som om to veker reiser heim til USA, hadde ei redning som i like stor grad var med på å sikra full pott.

Os - Brann 2 1-0 (1-0)
Målskårar: Rafael Villén
Os sitt lag: Andrew Todd, Biko Bradnock, Endre Brenne, Glenn Krossøy (Steffen Årseth Ljosheim, 26 min), Divaldo Cardoso, Knut Spangelo Haga, Rafael Villen Villen, Torkel Hjertnes (Erik Kanestrøm, 82 min), Torgeir Lunde, Christoffer Hafsås (Enrique Crespo Søvik, 45 min), Ole Martin Kolskogen (Marius Mikkelsen, 45 min)

Sjå tabellen 

Eit tigersprang

Os starta andre omgangen best, men som i første til gjestane over og førte det meste av kampen. Os var rett nok frampå, mellom anna med eit skot i nettveggen frå Torkel Hjertnes. 

Omgangens store hending blei ei redning frå Andrew Todd like før slutt. Todd er på veg til eine kanten, skotet stussar i ein spelar og ballen skifter retning. Med eit krumspring utan like får Todd opp beina og brasser ballen utanfor mål. Definitivt årets redning på Kuventræ.

– I dag var dei for tidleg ute med å kåra dagens osing. Den redninga åleine kvalifiserte til tittelen, kommenterte ein av tilskoderane etter kamp.

Dagens osing blei nettopp målskårar Villén.

– Må vera meir tålmodige

Os-trenar Hassan El Fakiri var sjølvsagt nøgd med siger og tre nye poeng.

– Vi møter eit bra Brann-lag med kjappe og gode spelarar som er gode med ballen. Gutta skal ha ros for den gode defensive jobben. Dei står på og jobbar heile kampen ut, men eg skulle ønskje vi var litt meir nøye og tålmodige når vi sjølv har ballen. Då skulle vi nytta moglegheiten til å halde ballen i laget og få kvilt litt.

– Men alt i alt, i dag gjekk det vår veg, smiler El Fakiri.