Arne Mæland og Aurora Aksnes blei heidra med steinar på «Walk of Fame» fredag (arkivfotos: Andris Hamre)

Arne og Aurora heidra i Bergen

Osingane Arne Mæland og Aurora Aksnes fekk kvar sin stein på «Walk of Fame» i Bergen.

Av: Andris Hamre

I 2015 fekk Bergen sin eigen «Walk of Fame» i Nøstegaten, kor fpersonar som har vore med å sette Bergen på kartet blir heidra.

– Dette er vår måte å heidre dei som har gjort mykje for byen og satt Bergen på kartet, fortalde Roger Iversen, ein av intitativtakarane til prosjektet då det starta i 2015.

Til no har desse fått namnet sitt i stein: Trond Mohn, Helge Jordal, Sverre Faaberg, Trude Drevland, Laurie Grundt, Ole Torp, Oddvar Torsheim, Gunnar Staalesen, Sir Paul McCartney, Erna Solberg, Hans-Wilhelm Steinfeld, Frank Aarebrot, Christian Gottlieb Rieber og Per Grieg sr. og Cecilia Brækhus.

To osingar heidra

Fredag blei ni nye steiner avduka. Denne gong med to osingar; Arne Mæland og Aurora Aksnes blant dei som blei heidra.

– Kjempefint, var den korte kommentarer Aurora Aksnes fekk gitt til BA under utdelinga.

Dei andre som blei heidra fredag var: Anne Randine Øverby, Jan Eggum, Davy Wathne, Tor Endresen, Brødrene Thue, Leo Ajkic og Thorstein Selvik.

Fleire saker

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.

bilde-midtsiden

Slo Sædalen på heimebane

19. september 2017

– Vi varierer for mykje, seier Kvile, sjølv om Os 2 har tapt berre 1 av 6 kampar etter ferien.