Lokal | 17. apr. 2018

Arrangerer kurs over heile bygda

Saman med ungdomslaga og Nore Neset Aktivitetshus inviterer Røde Kors til gratis førstehjelpskurs over heile bygda.

Arrangerer kurs over heile bygda
Som med alt anna er hjarte- og lungeredning noko du må øva på jamnt og trutt (ill.foto: Os Røde Kors)
Andris Hamretirsdag 17. apr. 2018 06:22

Som i fjor inviterer Røde Kors til gratis førstehjelpskurs samband med den internasjonale røde kors-dagen.

– I løpet av 2018 vil ein av dine venner oppleve at éin dei kjenner får plutseleg hjartestans. Røde Kors har ambisjonar om at denne personen skal bli redda av ein i nærleiken, seier Kristian Strønen i Os Røde Kors.

Sju kurs

For å få til dette ønskjer Røde Kors å gje gratis opplæring i livreddande førstehjelp til så mange som mogleg.

– Du kan bidra ved å delta på og invitere alle dine vener til å delta på eitt av dei 3-timerskursa vi tilbyr i Os frå 2. til 15. mai.

– I samarbeid med Ungdomslaga og Aktivitetshuset på Nore Neset gjennomfører vi sju kurs. Det blir Kurs i ungdomshusa på Søre Neset, Lysefjorden, Strøno, Hegglandsdalen og Søfteland. I tillegg blir det kurs på Nore Neset Aktivitetshus og Røde Kors Huset i Kolskogheiane. I år blir det diverre ikkje kurs i ungdomshuset i Søre Øyane då dette er under oppussing, forklarar Strønen.

16 personar på kvart kurs

Kvart kurs har plass til 16 personar.

– Du har kanskje lært korleis du utfører hjarte-/lungeredning. Men veit du om du gjer det rett. At du ikkje trykker for lite eller for mykje når du komprimerer? At takten er riktig og at du bles nok luft?

– Os Røde Kors har fått nye treningsdukker, kor du sjølv kan kontrollere kvaliteten på din eigen utførelse - når du gjer det. Bruk moglegheiten til å bli trygg på at du ikkje berre veit korleis du skal gjera dei rette tinga, men at du også gjer det rett.

– Gå inn på www.100kurs.no, vel Os som lokalforening og meld deg på det kurset som passar best.

– Vi sender ein stadfesting på påmeldinga. Om du har meldt deg på, og likevel ikkje kan delta så set vi stor pris på at du gir oss melding om det, slik at plassen kan gå til nokon annan, oppmodar Strønen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.