Rune Johan Åsheim Mo. (Foto: Lysekloster il)

Åsheim Mo til Lysekloster

I fjor rykte han opp til OBOS-ligaen med Nest-Sotra, i år vil Rune Åsheim Mo bidra til at Lysekloster kjem seg opp i 2. divisjon.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Midtbanespelar Rune Johan Åsheim Mo, som fyller 24 år i år, signerte fredag kontrakt med Lysekloster.

– Eg kunne halde fram i Nest-Sotra, men ønskte meg til ein ny klubb, seier Rune til Midtsiden.

I fjor var han på banen i 17 kampar, 8 av dei frå start, for Nest-Sotra.

– Trass noko skade synest eg det blei for lite speletid. I tillegg har nokre av dei spelarane eg hadde mest omgang med gått til andre klubbar, derfor såg eg meg om etter noko nytt.

Prøvde seg for Viking og Sandnes Ulf

Rune er frå Sunde, har vakse opp i Husnes-klubben Trio og spelte for Stord før han hamna på Sotra.

Før han signerte med Lysekloster var han på prøvespel i Stavanger og Sandnes.

– Eg fekk berre éi økt med Viking, som sa dei ville ha meg ned igjen. Sandnes Ulf sa rett ut at dei var interesserte, men etterkvart bestemte dei seg for å satsa på nokre unge spelarar frå eigen stall. Midtbanen var dessutan der dei hadde flest å ta av.

– Det blei tidkrevjande å vera sin eigen agent, og då eg hadde dialogen med Lysekloster frå før, bestemte eg meg for ikkje å halda fram å prøva meg på høgare nivå, og heller bli del at ein ambisiøs klubb på veg opp.

Var einige i desember

Sportsleg leiar i Lysekloster, Svein Kollen, seier dei har hatt dialog med Åsheim Mo ei stund, og at dei i desember var einige om ein avtale om ikkje prøvespel i Rogaland førte til noko konkret.

– Dette er ein klassespelar! Vi er veldig nøgde med avtalen, seier Kollen.

Sjølv er Åsheim Mo spent på nivået, ikkje berre på Lysekloster, som han har hatt eit par treningsøkter med, men i avdelinga etter at 3. divisjon har blitt mindre og tøffare.

Studerer i Bergen - får trenarerfaring i ny klubb

Rune bur og studerer i Bergen, der han er halvegs i å ta bachelorgrad i pedagogikk.

I Lysekloster skal han, ved sidan av å vera spelar, bidra inn mot aldersbestemt satsingslag.

– Eg ønskjer på sikt å ta trenarutdanning. No for tida satsar eg først og fremst som spelar, men noko trenarerfaring kan bli godt å ta med seg, seier pedagogikkstudenten.

• Midtsiden samleside: Lysekloster fotball