Lokal | 29. apr. 2015

Askøy mot Os - kven er sprekast?

Liker du å gå, jogga eller sykla? Bli med på Vestlandets sprekaste kommunekamp. Deltaking er gratis, den gode fysiske formen får du med «på kjøpet».

Askøy mot Os - kven er sprekast?
Andris Hamre frå Midtsiden og Kai Flatekvål frå Askøyværingen vil no, med kvar sine lag, kjempa mot kvarandre i fem veker om kven som går, spring eller syklar lengst. (Foto: Kjetil VAsby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. apr. 2015 19:45

Kva skjergardskommune har dei sprekasta innbyggarane? Midtsiden og «søsteravisa» vår, Askøyværingen, har utfordra kvarandre, og innbyggarane i dei to kommunane.

Kven kan gå, springa og sykla lengst av Os sine 19.000 mot Askøy sine 27.000 innbyggarar?

Gå direkte til sprekere.no for registrering og info.

– Eg skulle ønskja denne konkurransen kom i fjor, då var eg sprekare. Men, men, eg får koma meg i gang igjen, seier Askøyværingen-redaktør Kai Svellingen Flatekvål

Midtsiden-redaktør Kjetil Vasby Bruarøy skubber sin langbeinte kollega Andris Hamre framfor seg.

– Det passar bra med ein match mot Askøy no, eg trappa opp løpinga i januar og Kai skal få kjørt seg, lover Midtsiden-journalist Andris.

Fem veker med kommunekamp

Målet til dei to avisene er no å få flest mogleg innbyggarar til å melda seg på Sprekere-kampanjen.

Sjølve konkurransen startar måndag 18. mai og varer i fem veker fram til og med søndag 21. juni.

(Men det er fullt lov å starta treninga før, sjølv om vi ikkje tel kilometer før 18. mai)

Registrer deg i dag - før inn talet på tilbakelagte kilometer frå 18. mai.
• Du får 10 poeng per km sykling, 30 poeng per km gåing eller løping.
• Bruker du ein av desse treningsappane; Endomondo, RunKeeper eller Strava, kan Sprekere henta treninga di automatisk.

Det blir også trekt ut premiar til éin av deltakarane i kvar kommune – kvar veke.

Etter 21. juni blir det også delt ut premiar til dei tre sprekaste (med flest samla kilometer) i kvar kommune dei fem vekene konkurransen har gått. Då veit vi også kven av kommunane som har dei sprekaste innbyggarane.

Den kommunen som vinn får 5000 kroner til utdeling til sitt turlag, altså Os Turlag eller Askøy Turlag.

–Turlaga er viktige for rekruttering til friluftsliv og gjer eit uvurderleg arbeid med både folk og terreng, med arrangement og tilrettelegging av turvegar, småbruer og skilting. Vi vil støtta dette arbeidet med ein liten slant i friluftsåret 2015, seier Andris og Kai.

Så spørs det kven av dei som får gleda av å dela ut pengar til turlaget i sin heimkommune.

Flate Askøy mot kuperte Os

Både Os og Askøy har aktive løpegrupper og tett med individuelle mosjonistar.

Askøy har kanskje sine fortrinn, både med det høge innbyggartalet, og med det flate terrenget. Du får nemleg ikkje plusspoeng for motbakke, som osingane er glade i, og det er nesten fristande å le av Askøy sitt høgaste fjell, 231 meter høge Kollbeinsvarden.

«Vil du være med å knuse osingene» skriv Askøyværingen. Vi ler litt av det òg.

– Vi er fleire, inkludert meg sjølv, som joggar i flatt terreng rundt Ulvenvatnet eller rundt Nore Neset. Dessutan er alle motbakkeløparane så spreke at eg trur dei et høgdemeter like lett som askøyværingane tråkkar asfalt, seier ein konkurranselysten Hamre.

No handlar det uansett om kven som får flest sprekingar med på kampanjen - det laget som har flest påmeldte når startskotet går 18. mai har eit godt utgangspunkt.

– Vi har snakka med nokre få av dei ivrigaste mosjonistane i Os og dei stiller seg veldig positive til å delta.

– Dessuten håper og trur eg at politikarar som Terje Sperrevik (TvS) og Gustav Bahus (Frp), som stadig snakkar om turane dei går når dei er på møte i Plan- og bygningsutvalsmøta, registererer seg og heng seg på. Då sikrar vi Team Os ein god start, meiner Andris Hamre.

Gå direkte til sprekere.no for registrering og praktisk informasjon.

Om SPiD

For å delta treng du å registrera deg som brukar av SPiS.

Schibsted Payment ID (SPiD) er en felles betalingsløsning som gjelder for alle Schibsteds tjenester, deriblant Askøyværingen og sprekere.no. Hensikten er at brukere kan logge inn med det samme brukernavnet og passordet på alle Schibsteds tjenester, så som Vektklubb, Dine Penger, VG Pluss, og etter hvert også for eksempel Finn.no.

Klikk her for å komme inn på SPID

Brukernavnet er din epostadresse som du registrerte da du meldte deg inn. Dersom du har flere epostadresser og er usikker på hvilken du har registrert deg med, kan du se dette i nedtrekksmenyen øverst til høyre, under "SPiD-konto".

Ved å trykke på "SPiD-konto" kommer du til dine kontosider i SPiD. Her får du en oversikt over informasjonen som er lagret på din konto, i tillegg til at du enkelt kan administrere alt som har med din konto å gjøre. Vi har laget små guider til hvordan du bruker noen av de nyttigste funksjonene på kontosidene dine i SPiD, klikk under for å komme til det du lurer på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.