Lokal | 11. jan. 2016

Auka arbeidsløyse i Os

Talet på arbeidsledige i Os har auka med 24 prosent det siste året.

Auka arbeidsløyse i Os
NAV Os (arkivfoto: KVB)
Cathrin Valestrandmandag 11. jan. 2016 08:43

Den siste statistikken frå NAV over arbeidsledige viser ei stor auke i arbeidsledige i Os kommune. Ved utgangen av desember månad var 371 personar utan arbeid. Dette er 61 fleire enn i 2014.

Hakket over snittet

Talet personar som er arbeidssøkjande har dermed bikka over tre-prosent grensa som er snittet i Hordaland, og landa på 3,1 prosent av arbeidsstokken.

Mykje av auka i arbeidsledige skuldast nok nedgangen i oljerelaterte næringar.

Rolls Royce stengte også dørene i fjor, og fleire av arbeidstakarane der vart overtallige.

I skrivande stund er det ti utlyste stillingar på Os i følgje NAV sine internettsider.

Seks av utlysingane er knytt opp til barnehagane i Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.