Lokal | 29. apr. 2016

Auka kriseberedskap i Os etter helikopterulykka

Os er ramma av den tragiske helikopterulykka ved Turøy på Sotra.

Auka kriseberedskap i Os etter helikopterulykka
Her ved Turøy styrta helikopteret. Redningsdykkarar frå Os var nesten framm på staden då dei blei omdirigert til beredskap. (Foto: Kyrre Styve, Vestnytt.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. apr. 2016 22:09

13 personar omkom då eit helikopter på veg frå Gullfaks B til Flesland styrta ved Turøy på Sotra klokka 11.55 fredag.

Midtsiden har blitt kontakta av pårørande med spørsmål om kriseberedskap i Os.

Ein av dei omkomne skal vera frå Os kommune.

Verken operasjonsleiar ved Vest politidistrikt eller leiar for kriseteamet i Os, brannsjef Stein Gjøsund, kan stadfesta dette.

Tilbyr krisehjelp i Os

– Inntil politiet går ut med meir informasjon kan eg ikkje seia korleis Os er ramma, men vi har auka beredskapen ved legevakta i Os frå fredag ettermiddag og gjennom helga, seier Gjøsund.

Statoil har oppretta eit pårørandesenter på Scandic Bergen Airport på Kokstad. Men det kan vera pårørande som ikkje er i så nær familie eller omgangskrins at dei nyttar dette tilbodet.

– Har du bruk for øyeblikkeleg hjelp, ring legevaktnummeret 116 117. Vil du ha kontakt med kriseteamet i Os, ring oss på vaktnummer 91568590.

Alle dei omkomne jobba for Statoil, men fleire kom frå ulike firma:
• Fire tilsette i Halliburton
• Tre tilsette og éin innleigd frå Aker Solutions
• Éin tilsett i selskapet Welltec
• Éin tilsett i selskapet Schlumberger
• To helikopterpilotar frå CHC Helicopter Service
• Éin tilsett i Karsten Moholt AS
(Kjelde BT.no og Vestnytt.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.