Lokal | 16. sep. 2014

– Auka sjanse for å treffa hjort

Måndag kveld blei nok ein hjort påkjørt i Os. – Sjansane er ekstra store i desse dagar, ver varsam, oppmodar viltkontakt Espen Andersen.

– Auka sjanse for å treffa hjort
– Det var ein flott bukk. Den skulle vore jakta på, ikkje påkjørt, meiner Espen Andersen. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 16. sep. 2014 07:48

Måndag klokka 23.23 fekk politiet melding om påkjørt hjort.

– Ein buss hadde kjørt på ein hjort på E39 mellom Liafjellstunnelen og Mobergsbrua, nær brua, fortel politibetjent Thomas Juulseth.

Hjorten var hardt skadd og måtte avlivast.Ingen personar blei skadd.

– Auka sjanse i desse dagar

Viltkontakt Espen Andersen åtvarar mot mykje hjort og mykje vandring.

– Der skog møter dyrka mark er sjansane ekstra store i desse dagar. Graset har vakse seg sterkt etter siste slått og er freistande for hjorten, som gjerne vandrar ut på beite i 22-23-tida og tilbake til skogs i 5-6-tida om morgonen.

– At det no er både vindstille og mykje skodde aukar sjansen for at dei beveger seg, og for at dei er vanskelege å sjå.

– Skulle vore jakta på

Også to gongar på fire dagar i august kom det melding om påkjørt hjort.

– Det går som oftast bra med førar og passasjer, og det er bra.

– Men det er også trist når dyreliv går med på denne måten. Hjorten som blei påkjørt i går var ein flott bukk. Den skulle vore jakta på, ikkje påkjørt, det ville vore betre for alle, meiner Andersen.

Trafikkontroll på Skeie

Måndag hadde politiet også trafikkontroll på Skeie.

I 18.30-tida rigga dei seg opp for dokumentkontroll.

To fekk gebyr for ikkje å ha hatt med seg førarkort, to fekk muntleg pålegg om utbetring av lys.

38 bilar blei kontrollerte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.