Lokal | 20. jan. 2017

Auka skatten med 10,6%

Høg skatteinngang for Os kommune i 2016. Auka med vel 50 millionar frå 2015.

Auka skatten med 10,6%
Som følgje av endringar i reglane for utbytte opplever Os kommune ei stor auke i skatteinngangen for 2016 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 20. jan. 2017 10:44

På desembermøtet i formannskapet la rådmann Christian Fotland og økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas fram ein rekneskapsrapport per oktober med ei prognose på eit overskot på vel 25 millionar kroner for 2016.

Dei la då til grunn ein skattevekst på 8,7% basert på tala frå oktober, men tippa samstundes at den ville bli høgre.

– I dag vil eg tippa på at vi endar på rundt 11% skattevekst, men det er ikkje umogleg at vi når opp i maksanslaget på 12,2% avhengig av skatteinngangen i desember, fortalde Ingrid Karin Kaalaas då.

Enda på 10,6%

No er skattetala for 2016 klare og det viser seg at økonomisjefen sin spådom ikkje var langt unna sanninga.

Os kommune enda i 2016 på ein skatteinngang på 523,9 millionar kroner. Ei auke på 50,2 millionar frå 2015, eller 10,6%.

– Grunnen til at det er ein så god skatteinngang i år er ei skattetilpassing grunna endring i reglar om utbytte, forklarte Kaalaas i desember, men minna om at dette var ein eingongseffekt, og ikkje noko politikarane kunne rekna med dei kommande åra.

Auker tredje mest

Ser ein på dei ulike kommunane i Hordaland, så er Os kommune på tredjeplass med auka på 10,6%, berre slått av Bømlo (16,6%) og Etne (10,9%).

Bergen fekk i 2016 ei auke på 9,3%, medan Fusa og Tysnes begge enda på 7,5%. Berre ei kommune i Hordaland har nedgang i skatteinngangen. Jondal enda med -3,8%.

– Skatteinngangen syner ein auke på 6,8 prosent i 2016 samenlikna med 2015 for kommunane samla i fylket utanom Bergen, skriv sakshandsamar Håvard Rød hos fylkesmannen i oversendingsbrevet til kommunen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.