Lokal | 17. mars 2017

Avskilting, gebyr og meldt bilførar etter kontroll

Statens vegvesen kontrollerte over 1800 bilar i Os i går.

Avskilting, gebyr og meldt bilførar etter kontroll
Statens vegvesen hadde kontroll på E39 på Søfteland torsdag. Her frå ein kontroll i august i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 17. mars 2017 08:06

Torsdag frå klokka 12 til 17 sto Statens vegvesen på E39 ved Hjellemarka/Storestraumen og kontrollerte lette køyretøy.

1.815 køyretøy blei kontrollerte

Tre bilar blei «parkert»

Tre av dei kontrollerte fekk skriftleg melding om manglar.

To bilar blei avskilta og éin fekk bruksforbod grunna dårleg lastsikring.

Éin meldt til politiet

Berre 5 av dei 1.815 bilistane sat utan bilbelte, og fekk begyr for dette.

Éin blei meldt til politiet grunna førrett, i tillegg blei det sendt ein rapport til Skatteetaten.

– Eg har ikkje detaljane på om vedkomande utan førarrett hadde førarkort i ein annan klasse, eller ikkje hadde førarkort i det heile tatt. Dette med rapport til Skatteetaten treng ikkje å ha vore så alvorleg, det kan ha vore eit tips som dei kan følgja opp, for eksempel med ein utanlandsk bil, seier Bjarne Otterlei frå Statens vegvesen til Midtsiden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.