midtsiden

Avsluttar mot to topplag

Tysdag kveld spelet Os junior sesongens siste heimekamp. Motstandar er Noregs beste juniorlag.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Tirsdag, oktober 4, 2011 - 15:10

Os junior elite fekk ein god start på årets sesong med siger i alle dei tre første kampane.

Os tok ferie med 4 sigrar, 4 tap og 1 uavgjort, i haust har det ikkje gått fullt så bra. Fleire av juniorane har hatt eit veldig tett kampprogram og vore viktige for både A-laget og Os 2, som laurdag ikkje klarte å stilla lag til bortekamp mot Vadmyra.

Til no står Os junior elite med 2 sigrar, 3 tap og 1 uavgjort i haustsesongen, men tapte blant anna 7-1 på bortebane for Sotra, eit lag dei slo 5-4 heime i vår.

Og no står dei to tøffaste motstandarane igjen, Brann på heimebane i kveld, Løv-Ham borte første tysdagen etter haustferien.

Brann, som skal spela cupfinale mot Rosenborg i NM for G19, ligg på 2. plass i serien med 42 poeng. Løv-Ham leier serien med 43 poeng (men har dårlegare målforskjell enn Brann).

Os ligg på 5. plass med 20 poeng, 1 poeng bak Stord på 3. plass.

– Mange av dei som speler for juniorlaget no i haust er førsteårsjunior eller gutespelar, så det er klart at elitenivået er tøft for dei, seier Tim Henrik Sperrevik, som overtok som trenar for Einar Nytræ etter sommaren.

– Men dei viser veldig fine haldningar og ser på kveldens kamp som ei spennande utfordring, legg han til.

Os - Brann, sesongens siste heimekamp, startar klokka 20.

Tabell, G19 1 div

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11