Sport | 26. aug. 2014

Avsluttar samarbeidet med Svensson

Os Turn Handball la opp til ei satsing, men mangel på spelarar med ambisjonar gjer at klubben både må trekka det eine laget og seia opp trenaren.

Avsluttar samarbeidet med Svensson
Jesper Svensson har hatt eitt år som herretrenar i Os, men får ikkje fullføra i hundreprosentstillinga han på forsommaren blei engasjert i. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 26. aug. 2014 08:39

Jesper Svensson gjekk frå elitelaget Bodø då han i fjor sommar overtok handballherrane til Os.

I vår auka klubben engasjementet til 100 prosent og Svensson overtok også damelaget etter Erlend Lyssand og Torbjørn Bøthun.

– På damesida har vi fleire spelarar som anten er gravid eller som legg opp. I tillegg har det vore svakt oppmøte blant dei andre, fortel leiar for sportsleg utval, Joachim Nøkleby.

Irene Tangerås og Vilde Fyllingen legg opp, Emilie Hjertnes og Maria Stangeland Lunde er gravide og Line Hjelle Berentsen gjekk i juni til Fana.

– Vi har heldigvis fått Hilde Kristine Røttingen tilbake. Men på fleire fellestreninger i mai, då oppkjøringa starta, var det svært få på trening. Damelaget har nok ikkje hatt så tynn stall nokosinne dei siste ti åra.

Må trekka eitt av tre damelag

Konsekvensen av den tynne stallen er at Os Turn må trekka det eine laget sitt. I tillegg til A-laget i 2. divisjon har Os eitt lag i 3. divisjon og, etter opprykket i vår, eitt lag i 4. divisjon.

– Vi hadde håpa på at vi kunne trekka 3. divisjonslaget, sånn at dei vaksne damene som rykte opp frå 5. divisjon i vår skulle sleppa å gå to divisjonar opp.

– Men reglane er sånn at du må trekka det lågast rangerte laget, så vi må nok stilla i 2. og 3. divisjon denne sesongen.

Avsluttar engasjementet til Svensson

Mens damelaget står med ein tynn A-stall har herrelaget hatt ein betre sommar.

– Vi har Frode Vindenes og Einar Godø ute med skade, men har vore ei god gruppe som har trent bra i oppkjøringa. Vi har blant anna fått opp fleire flinke 16- og 17-åringar, seier Nøkleby, som framleis er aktiv i 3. divisjon.

Likevel finn ikkje leiinga i Os Turn, eller Svensson sjølv, grunnlaget som godt nok til at det er forsvarleg å bruka midlar på ein fulltidstilsett trenar.

Partane har no blitt einige om å avslutta samarbeidet. Å redusera stillingsprosenten var ikkje noko alternativ.

– Vi kunne gjort ein betre jobb

Nøkleby tar på vegne av leiinga i handballgruppa sjølvkritikk for situasjonen klubben har hamna i.

– Vi burde tatt ein meir grundig gjennomgang med spelarane for å gjera det meir tydeleg kva denne satsinga frå leiinga ville bety, og orientert oss endå betre om situasjonen til kvar enkelt spelar.

– Stemninga var god då vi tilsette Svensson, men dessverre blei det samla sett litt mange som av ulike grunnar ikkje kunne gjennomføra det løpet det blei lagt opp til.

Heilt bortkasta har det likevel ikkje vore å ha Svensson i Oshallen.

– For det første hadde herrelaget ein knallstart på sesongen i fjor, og tar med seg mykje vidare. For det andre har vi fått ein god del ny kunnskap inn i klubben.

– I helga kjørte han trenarkurs og i løpet av hausten skal han tilbake og kjøra ein ny runde med instruksjon av trenarane våre.

Kven som overtar som trenar for herrelaget og damelaget er førebels uvisst. Spelarane blei orienetert måndag kveld og leiinga vil ha fleire spelarmøte før nye trenarar blir engasjert.

På jobbjakt

Jesper jobb fulltid på natt mens han førre sesong trente herrelaget. Med utviding til 100 prosent-stilling i klubben sa han opp jobben sin for endeleg å vera tilbake i fulltid med handballen.

– Vi forsto i grunnen tidleg at dette ikkje kom til å gå, det var berre til å telja hovude på trening.

Likevel gjekk sommaren, og Svensson takka blant anna nei til trenartilbod frå andre klubbar sidan han var engasjert i Os.

– Men brotet av samarbeidet er noko vi er einige om, vi skiljast som vener og eg har hatt ei fin tid i Oshallen med mange hyggelege folk, seier Jesper.

– Det er ikkje spelargrunnlag for denne form for satsing i Os akkurat no. Men om klubben legg ressursar i å ta vare på dei unge spelarane dei har, kan det nok bli det om nokre år.

Elitetrenaren bur på Stord og er no jobbsøkande. Når det kjem til handball trur han det vil gå litt tid før nye dører opnar seg.

– Kanskje blir det nokre klubbar i området som stokkar om på trenarkabalen sin ved årsskiftet. I mellomtida ser eg etter ein sivil jobb.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.