Kultur | 17. feb. 2017

Babyteater med Taus

Når Taus inviterer til Tøysete teselskap er det for dei aller minste, heilt ned mot fire månadar.

Babyteater med Taus
Kristine Bjånes, Mari Lyssand, Elin Hestenes og Beate Kvalsvik kjem med tausete babyteater i Oseana laurdag (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 17. feb. 2017 08:01

Laurdag kjem osingen Kristine Bjånes saman med innleigd vikar Mari Lyssand og dei to faste medlemmane av Taus Elin Hestenes og Beate Kvalsvik til Oseana med DNS-framsyninga «Tøysetet teseselskap med Taus» ei babyforestilling egna for barn frå 0 til 3 år.

– Ein kan jo spørja seg om det er noko poeng i å gå på teater med babyen på seks månader, eller toåringen for den saks skuld. Treng dei verkeleg input og opplevingar som teater eller konsert, spør Kristine Bjånes sjølv.

– VI var vel litt av den oppfatninga sjølv, før vi byra å spele framsyninga og såg med eigne auge korleis desse små ser ut til å ha stor glede over å bli tatt med på teater. Dei ulike aldersgruppene frå 0 til 3 år er opptekne av heilt ulike element i framsyninga og slik må det nesten vera. Ein treåring har heilt andre føresetnader og reiskaper til å ta inn heile historien og heilskapen enn ein baby på fire månader. Vi nyttar ulike verkemiddel av musikk, koreografert dans, lyd, lys og rekvisitter for å halde på merksemda.

– Framsyninga har ikkje så mange ord, men når vi nyttar ord, blir dei gjenteken mange ganger. Babyteater gir ein heilt eigen stemning i teatersalen, og det er om å gjera at stemninga heldast magisk. Der kan dei vaksne i salen spele ei stor rolle med tildømes å annerkjenna barna sine fasinasjon over det dei opplever, forklarer Bjånes.

Fekk hjelp av Jan

«Tøysete teselskap med Taus» blei laga og spelt våren 2016 på Lille Scene på Den Nationale Scene i Bergen. Framsyninga er ein samproduksjon mellom vokalgruppa Taus og DNS.

– Vi samarbeida mellom anna med dramaturg på DNS, Anders Hasmo Dahl, som hjalp oss med fabelen og heilskapen i framsyninga. Dansarane/koreografane Stephanie Mowinckel og Hege Holte Østbye har både hatt workshpo med oss og fått oss til å dansa og hjelpt oss med koreografien og bevegelsane.

– I tillegg har vi fått god hjelp av osing Jan Haaland som har designa bakgrunnsteppet til framsyninga. Jan er ein god ven som eg speler saman med i «Steppin OUT», så at han ville hjelpa oss med bakgrunnsteppet er veldig stas, avsluttar Kristin Bjånes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.