Kultur | 31. aug. 2010

Bahus på TV2

Golden keeper i Golden Goal: I haust kan du sjå Vidar Bahus spela fotballkamp mot Henrik Elvestad. På rulleskøyter.

Bahus på TV2
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 31. aug. 2010 11:45

Vidar Bahus har opplevd mykje mellom stengene, frå Fyllingen sitt opprykk til høgaste nivå i 1988 til kvartfinale i mot Liverpool og seriesølv med Brann i 1997.

Bahus har lagt opp og er no trenar i Os Turn Fotball, men førre veke fekk han likevel delta på noko ekstra spennande.

I førre veke var han i Rykkinnhallen i Bærum for å spela fotball på rulleskøyter. Kampen skal visast som eit innslag i TV2-programmet Golden Goal i haust.

Ny erfaring
Golden Goal-redaksjonen tester av og til korleis ulike sportar let seg kombinera. Denne gong ville dei sjå korleis rulleskøyter og fotball passa saman.

Gamle heltar blei henta inn, truleg fordi spelarar som er aktive ville vore vanskelege å få på banen.

- Fotballkamp på rulleskøyter var heilt spesielt. Henrik Elvestad, som spelte på det andre laget, har erfaring frå ishockey, sjølv har eg aldri vore nokon racar på verken skøyter eller rulleskøyter, seier Vidar.

2 x 15 minutt med «rollerball»
18-20 tidlegare Tippeliga-spelarar var inviterte. Programleiarane Henrik Elvestad og Johan Golden stilte som vanleg på kvart sitt lag, som spelte 7 mot 7 i 2 x 15 minutt medan Ole Herman Borgan dømte.

Resultatet kan du sjå på TV2 i haust. Når tidspunktet er bestemt kjem vi tilbake både med dato, klokkeslett, lagoppstilling og bilde frå kampen.

Vidar Bahus er ikkje den første osingen som deltar i stunt på Golden Goal. I fjor var handbakmeisteren Frode Veim Haugland i aksjon med Henrik Elvestad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.