Sport | 22. nov. 2013

Bakkerud til Os

Lars Bakkerud (42), som trente Fredrikstad i Adeccoligaen i år, går no til Os Turn Fotball.

Bakkerud til Os
Lars Bakkerud, som trente Fredrikstad i 2013, blir sportssjef i Os frå 1. januar 2014. (Foto: FK Fredrikstad)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 22. nov. 2013 14:31

I dag ha Os Turnforening blitt einige med Lars Bakkerud om engasjement i Os Turn.

– Bakkerud blir sportsleg leiar og spelarutviklar i Os i 60 prosent stilling, fortel formann Knut Haddal.

Førebels blir det teikna kontrakt på tre år.

– Vi får no styrka det vi frå før er best på, medlemsmasse og talentutvikling, og kan endeleg få ei klubbstyrt satsing med ein raud tråd frå dei yngste og opp til og med A-laget.

Bakkerud fortel at han blei trigga av ønsket Os Turn la fram, og måten dei tenkjer langsiktig på.

– Det er få klubbar som tenkjer sånn i dag, berre nokre få i Noreg som eg veit om, på å bygga ein identitet og på å starta med dei yngste og ta det heile vegen opp, seier Lars Bakkerud til Midtsiden.

– Vi er stolte over å ha fått ein ressurssterk og erfaren mann som Bakkerud inn i klubben. No vil spelarane våre bli sett og vidareutvikla på ein endå betre måte samtidig som trenarane våre får ein coach, ein mentor og ein fagleg dyktig samtalepartnar å støtta seg til, seier Haddal.

Ser framleis etter A-trenar

Lars Bakkerud fekk i utgangspunktet tilbod om full stilling, der 40 prosent skulle vera som hovudtrenar for A-laget, resterande 60 prosent som sportsleg leiar og spelarutviklar.

Han viste tidleg interesse, men mest for sportssjef-stillinga og talentutviklinga.

I tilbakemeldingar til Os gav han tydeleg uttrykk for at han fann det mest naturleg å skilja desse rollene frå det å ha hovudansvaret for eit lag, altså A-laget til Os.

– Skal du ha ei slik kombinasjonsrolle er det lett for at du før eller seinare prioriterer det du til dagen bli målt på, altså prestasjonane til laget ditt.

– Eg kunne gjerne takka ja til full stilling, om eg ville ha fremja med sjølv som trenar, men eg har kome til eit punkt der eg vil satsa på det eg liker best, og det er klubbutvikling, seier Lars.

– Vi ser framleis etter ny hovudtrenar til A-laget, ein prosess som tilsetjinga av Bakkerud klart vil påverka, seier Knut Haddal.

– Korleis blir det for ein A-trenar å ha ein sjef over seg?

– På dette nivået er det gjerne vanleg at klubben er trenarstyrt. Og det er klart at trenarane skal ha litt spelerom og kunna setja sitt preg på ting. Men på alle nivå har trenarar godt av feedback frå nokon som ser ting frå sidelinja, og på nokon å diskutera med, meiner Bakkerud.

– Eg trur sportssjefen vil vera ein god ressurs for ny A-trenar, spesielt om dette er ein som er opptatt av eigenutvikling, seier Haddal.

Korleis bygga Os?

Kva i praksis betyr det at Bakkerud no er sportssjef. Kor synleg blir han på kunstgraset på Kuventræ, korleis vil han bruka det som tilsvarar tre fulle arbeidsdagar i veka?

– Eg vil blant anna laga trenarforum og kjøra interne trenarkurs. I tillegg til trenarutdanning skal vi i Os forma vår fotball. Det er ikkje sikkert at eg har fasiten på alt, vi skal forma dette saman.

– For trenarane i klubben vil eg òg vera ein støttepelar, ein å diskutera ulike tema med.

– Eit anna viktig tema, som blant andre Brann har vore flinke på i si ungdomssatsing, er dette med haldningar. Korleis ser ein Os-spelar ut, korleis oppfører han seg på og utanfor banen? Det er det vi no skal definera og på sikt jobba mot å oppnå, fortel den komande sportssjefen.

Lars skal jobba inn mot A-laget på lik linje som mot øvrige satsingslag, der det blir nær kontakt med både trenarar og enkeltspelarar.

– Lars har det overordna ansvaret for at trenarar og spelarar får dei rammevilkåra dei treng for å få ut det beste i seg, og at vi gjennom det utvikler klubben til den institusjonen den bør vera i Osbygdaseier Haddal.

Bakkerud sin bakgrunn

Bakkerud , som har vakse opp i Larvik, har spelt for Brann (1992 til 1998) og greske Panionios, der han blant anna var med og slo Inter ut av Champions League.

Han spelte seinare for Helsingborg, som han blei svensk meister med.

Den nye sportssjefen i Os har også vore sportsleg leiar i Løv-Ham var i 3,5 år spelarutviklar i Helsingborg.

Seinare kom han tilbake til SK Brann, som spelarutviklar. I 2013-sesongen har han vore hovudtrenar for FK Fredrikstad.

Fredrikstad rykte ned frå Tippeligaen saman med Stabæk og Sandnes Ulf i fjor, i år landa dei på 10. plass i Adeccoligaen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.