Lokal | 12. mars 2014

– Barn og dyr er magisk

Olav Botnevik var ikkje vanskeleg å be då han fekk spørsmål om han ville ha barnehageungar på besøk på garden sin i Bjørkeflaten.

– Barn og dyr er magisk
Borna tykkjer det er stor stas når Ingrid Tang Hystad leier dei rundt på hesteryggen. (Foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)
Kari M. Lyssandonsdag 12. mars 2014 14:40

- Tidlegare har borna besøkt ein bondegard på Kuventræ, men då dei gav seg fekk eg spørsmål om dei kunne koma til meg, og det ville eg gjerne, fortel Olav.

- Og då eg fekk Ingrid i arbeid så fekk eg mogleheita til å ta imot besøk oftare.

Ingrid Tang Hystad, som arbeider fulltid på garden til Olav, synest det er viktig at ungar får kontakt med dyr.

- Det er ikkje så vanleg i vår tid, og så er det fint at dei lærer kor maten dei et kjem frå, seier Ingrid

Garden har alltid tatt imot besøk, men då meir sporadisk. No kjem Flåten Naturbarnehage annakvar veke, medan både Os og Ulvenvatnet barnehage jamleg tar turen.

- Her er det ope for alle som vil koma.

Påskeoverrasking

På garden får dei blant anna ri på hest, møta kyr, kjøra traktor og kosa med kaninar.

- Vi prøver å variere litt etter sesong, så ungane har fått vore med på potetplukking, melking av kyr og fått helsa på kopplam, seier Olav.

- Dei har òg fått med seg råmjølk heim til barnehagen til å laga pannekaker.

Nær påske har Olav plan om å overraska ungane med klekking av kyllingar.

- Vi prøver å variere litt og å fornya oss, og nokre gongar ber barnehagane om eit tema, så litt pedagogisk blir det òg.

Fekk mjølka kyr

Liv Søfteland og Tone Hjertholm frå Flåten Naturbarnehage tykkjer det er veldig kjekt å ta borna med på gardsbesøk.

- Vi har 35 ungar i barnehagen og tar med ei lita gruppe kvar gong, så alle får oppleve å koma her, fortel Tone.

- Eg trur det er viktig for dei å oppleva nærleik til dyra, nokre er skeptiske i starten men blir meir vane med det etterkvart.

- Forige gong vi var her fekk dei prøva å melka kua for hand, det var veldig gøy.

Mat og opplevingar

Med besøka frå barnehagane kjenner Olav at han gjer noko meiningsfylt.

- Vi har ein misjon om å gje folk mat og opplevingar, og garden her er ein fin og roleg plass å koma til, og det vil vi dela med andre.

- Og så er det så kjekt å sjå ungar og dyr saman, dei får ofte ein heilt spesiell kontakt.

- Det er nesten noko magisk over det, avsluttar Olav.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.