Lokal | 25. juli 2016

Båt funnen ved Kobbavågen

Politiet har hatt to trafikkontrollar i helga - og fått melding om funn av ein Viksund med 90 hk.

Båt funnen ved Kobbavågen
Ein Viksund med 90 hk påhengsmotor blei funnen 50 meter nord for stupetårnet i Kobbavågen søndag kveld. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 25. juli 2016 07:54

Søndag kveld fekk politiet melding om funn av båt ved Kobbavågen.

– Meldinga kom klokka 22.30, båten skal ha lagt litt «henslengt» cirka 50 meter nord for stupetårnet i Kobbavågen, fortel Anne Lyssand frå Os lensmannskontor.

Båten er ein Viksund bow raider med 90 hk Mercury påhengsmotor.

– Meldar skal ha fortøydd båten i nærleiken, vi reiser ut i dag for å sjå nærmare på båten.

Kontroll på Lekven og i Hegglandsdalen

Laurdag hadde politiet trafikkontroll på Hegglandsdalsvegen.

32 bilar blei kontrollert utan at det førte til nokre reaksjonar.

Søndag formiddag sto politiet på Lekven. Der blei 15 bilførarar kontrollert, også det utan at dei fann noko å reagera på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.