Lokal | 20. aug. 2017

Båt gjekk ned i Oselvo

Ein daycruiser heng i trossene nedst i Oselvo søndag morgon.

Båt gjekk ned i Oselvo
Denne båten skal ha gått ned i løpet av natt til søndag. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 20. aug. 2017 08:21

Søndag litt før klokka 10 fekk Midtsiden tips med spørsmål om vi ville etterlysa eigar av båten på bildet.

– Politi er på staden. Også brannvesenet er på plass for å hindra forureining, seier operasjonsleiar Kjersti Eidsnes i Vest politidistrikt.

Eigar skal no vera varsla.

– Båten låg heilt fint i går, eg oppdaga dette no, seier tipsar.

Det er førebels uvisst kva som har gjort at båten har gått ned.

Hærverk på busskur

Politiet fortel om ei roleg natt til søndag.

Laurdag formiddag hadde dei promillekontroll på Ulvensletta. Alle 35 kontrollerte var edru.

Klokka 10.30 laurdag fekk politiet melding om at nokon har knust busskuret ved Amfisenteret.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.