Kultur | 21. apr. 2009

Båt med eigen låt

Dei nye eigarane har fullt program for MS Midthordland denne sommaren. No har dei også fått eigen låt.

Båt med eigen låt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 21. apr. 2009 09:13

Kolbjørn Tvedt har laga ein låt til MS Midthordland, og lasta den opp på NRK Urørt.

Til Tysnesingen seier artisten at han i helga fekk lyst til å laga ein song for å støtta karane som har kjøpt MS Midthordland.

- Vi synes det er morosamt. Veldig kjekt at folk engasjerer seg, seier ein av eigarane, Helge Andersen til midtsiden.no.

Her kan du høyra låta (NRK Urørt)

Travel sommar
I mars var Midthordland på årleg verkstadopphald på Stord, laurdag 18. april var veteranbåten på årets første oppdrag.

- Då kjørte vi eit firma frå Solstrand til Lysøen, i strålande vêr. Mange av turane til veteranbåtane i området går til Lysøen.

Neste tur er 5. mai, og så går det slag i slag resten av sommaren.

- Eg trur omtrent alle helgene til ut august er booka.

Frå festival til festival
Midthordland har blitt ein populær festivalbåt, anten det er festivalen sjølv som bestiller båten eller mannskapet som reiser på eige initiativ.

- Når vi reiser på eige initiativ så har vi servring ved kai og ofte faste kundar som vi kjører på tur med. Men festivalleiinga ringer gjerne for å forsikra seg om at vi kjem, det verkar som om dei set pris på å ha oss på plass under arrangementa, seier Helge.

Festivalsommaren startar på Os, med populære cruice under Osøren Blues & Jazzfestival siste helga i juni.

- Så skal vi på Tysnesfest, der vi blant anna skal kjøra folk frå Os og Fusa til konsert med Hallelujah-kameratane, og heim igjen. Og så skal vi på Moldejazz ei veke, til Stavanger under oljemesse og matfestival, til Skånevik for å kjøra bluescruise og på Sildajazz i Haugesund.

I tillegg blir det tur til torgdagar i Bergen 6. juni og den faste fellsturen med fleire veteranbåtar til Austevoll 2. pinsedag.

Midlar til oppussing
I september skal Midthordland pussast opp, og pengar er på plass til oppdraget.

- Vi fekk 100.000 i fjor og 290.000 nye kroner frå Riksantikvaren i år. Saman med litt midlar frå fylkeskommunen har vi sikkert nok til å byta fordekket no, trur Helge Andersen.

Men først skal Midthordland-gutane få unna ein sommar med mange timar på sjøen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.