Lokal | 13. feb. 2016

Bedrageri og tjuveri for 31.000 kroner

Han innrømte både misbruk av kredittkort, tjuveri av sju pc-ar og besittelse av hasj og ecstasy, men kunne ikkje dømmast for alt.

Bedrageri og tjuveri for 31.000 kroner
Bergen tinghus. (Arkvifoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 13. feb. 2016 08:50

Ein mann i 30-åra, som har budd både i Os og Bergen dei siste åra, gjekk sommaren 2014 bananas med bankkortet til ei kvinne frå Bergen.

Med kjøp og minibank-uttak resulterte det i 19.200 kroner i tap for banken og 12.000 kroner i tap for kvinna som eig kortet, i alt 31.200 kroner.

I tillegg var han tiltalt for tjuveri av sju bærbare datamaskiner frå ein skule i Bergen i september 2014, besittelse av 0,5 gram hasj i eit husvære i Os i oktober 2014 og besittelse av tre ecstasy-tablettar (MDMA) og to xanax i august 2015.

Tiltalte møtte i retten og erkjente straffeskyld.

Uttak og kjøp kunne ikkje samlast i same paragraf

At uttak og kjøp blei samla i eitt tiltakepunkt, brot på paragraf 270 (bedrageri) blei eit hinder.

Varekjøpa blir sett på som bedrageri, då det er betjeninga i butikken som blir ført bak lyset. Men kontantuttak i minibank blir sett på som tjuveri.

«Det følger av straffeprosessloven § 38 først ledd at retten ikke kan gå utenfor det forhold tiltalen gjelder».

Dermed kunne ikkje kontantuttaka av til saman 10.034 kroner bli del av denne dommen.

Fengsel og erstatning

Tiltalte blei dømt til 60 dagar fengsel. Dommen er ei fellesstraff med ein tidlegare dom på vilkår og nokre bøter.

Han må òg betala 13.000 i erstatning til banken og 8000 til kvinna som eig kredittkortet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.