Lokal | 30. okt. 2014

Ber spøkelsa nytta refleks

Fredag er det Halloween, noko som lokkar fram mange mørke skikkelsar langs vegen. Ikkje berre skremmer dei naboane, men òg bilistane kan få seg ein støkk.

Ber spøkelsa nytta refleks
Sy inn refleksar i kostymet så syns du langs vegen (foto: Gjensidige)
Andris Hamretorsdag 30. okt. 2014 10:49

I jakten på gotteri og i iveren etter å skremma naboar og vener er det mange som ikkje tenkjer på at dei risikerar å utsettja seg sjølv for stor fare om dei går langs vegen i mørke Halloween-kostymer.

- I mørke kostymer og utan refleks, er det nesten umogleg for ein bilist å få auge på barna, sjølv med gatelys som fungerar, seier Arne Voll, informasjonssjef i Gjensidige.

Sy inn refleks

Risikoen for å bli påkøyrd i mørket blir redusert med heile 85 prosent om du nyttar refleks.

– Sjølv om barnet ser bilen, så ser ikkje alltid bilisten barnet.

- Kle barna med refleks eller sy inn refleksar i kostymane. Med litt kreativitet kan det bli kule effektar som gjer det moro for barna å nytta refleks, seier Voll.

Gje refleks og gotteri

Sjølv om barnet ser bilen er det ikkje sikkert «bilen ser barnet». Han oppfordrar difor alle som får Halloween-gjester på døra til å ta ansvar for at barna er synlege i trafikken.

- Mange har refleksar liggande i skuffer og skap til ingen nytte.

– Har du ein til overs så gi den samen med godteriet og sørg for at barna trygt kan ha det moro på halloween, seier Voll.

98 blei påkøyrd i fjor

I fjor blei det meldt om 98 påkjørsler av fotgjengarar og syklister i trafikken i Hordaland. I tillegg regner forsikringsbransjen med store mørketal av skader som ikkje blir meldt.

35 prosent av fotgjengarulykkene skjer i mørket, og berre omlag fem prosent av dei som blir skadd nyttar refleks. Kvart år døyr i gjennomsnitt mellom 20 og 25 fotgjengarar i trafikken i Noreg og rundt 85 blir alvorleg skadd.

- Utan refleks er du synleg først på 25-30 meters hold. Dette betyr at ein bilførar som kjøyrer i 50 km/t, kun har omlag to sekund på å reagera før det smell.

– Nyttar du refleks er du synleg på 140 meter når bilen køyrer med nærlys. Har den fjernlysa på kan bilføraren sjå deg på 400 meters avstand.

– Desse ekstra sekunda er nok til at bilføraren har tid til å reagera og liv kan reddast, avsluttar Voll.

(Kilde FNO, SSB og Trygg Trafikk)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.