
Keeper Susann Rosvold redda straffa, sjølv om det ikkje ser slik ut på bilete (foto: Andris Hamre)
Berga eitt poeng
Os slit med ein tynn stall og stilte med berre to innbyttarar då dei møtte NHHI laurdag ettermiddag. Likevel burde Osdamene klart å dra i land siger mot økonomistudentane frå Eidsvågneset.
NHHI tek raskt leiinga med tre mål og trenar Erlend Lyssand ser seg nøyd til å timeout etter berre vel 9 minutt av første omgang for å gjere justeringar.
Osdamene høyrer på trenaren og spis i løpet av dei neste fem minutta forspranget. I staden for å gje enno meir gass, roar Osdamene ned og lar NHHI vera med på spelet.
Mykje bomskot og lågare tempo enn det damene er kjent for prega heile omgangen. Når dei i tillegg ikkje lukkest å stå på skotarmen i forsvar blei det ein slitekamp.
I andre omgangen er det betring å spore og måla kjem etter raske flotte kontringar kor ballen går raskt i lengderetningen. Men i etablert angrep og forsvar slit damene framleis. Det var noko tamt over Os spelet denne laurdagen.
Dermed klarte eit NHHI-lag som låg på 9. plass før laurdagens kamp og gjera det berre Fana har klart før i sesongen, nemleg å ta poeng frå dei gulkledde.
NHHI-Os 26-26 (12-12)
Utv: NHHI: 1x2 min, Os 2x2 min
Os sitt lag: Susann Rosvold, Irene Tangerås 1, Madeleine Hjertnes 5, Tonje Hjertnes 3, Hilde Kristine Røttingen 5, Line Borsholm 2, Line Hjelle 2, Elise Hjelle 4, Trine Balland 4.
Os ligg framleis på 2. plass, 3 poeng bak Fana.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no