Sport | 18. des. 2017

Berre nesten mot Fana 2

Os låg under med åtte, men kom tilbake og var berre eitt bak kort tid før kampslutt.

Berre nesten mot Fana 2
Madeleine Hjertnes (her mot Sotra) blei, saman med Marie Henriksen Håland, toppskårar for Os med fem mål kvar (foto: AH)
Andris Hamremandag 18. des. 2017 11:49

Laurdag spelte handballdamene til Os den neste siste seriekampen før juleferien. Det blei eit bittert tap for osdamene.

– Eg tykkjer det er vanskeleg å oppsummere kampen. Vi var så grådig nær, men måtte satse då vi låg eitt mål bak på slutten. Det gjekk dessverre ikkje og vi tapte med to, fortel assistenttrenar Gitte Torp.

Fana 2 - Os 32-30 (21-15)
Utv: Fana 2x2 min, Os 1x2 min
Os sitt lag: Marlene Sund, Madeleine Hjertnes 5, Emilie Halhjem 2, Hilde Kristine Røttingen 1, Liv Pauline Lunde 3, Tiril Grønvigh, Elise Hjelle 4, Irmelin Lund 3, Thiet Dang 2, Marie Henriksen Håland 5, Nora Berge 4, Emma Sælen Lyssand, Frida Sælen Lyssand, Ayleen Hagen, Mia Torp Nielsen 1.

Sjå tabellen

Treg start

Os kom dårleg ut i bortekampen mot Fana 2.

– Vi kom ikkje i gang då vi skulle. Fana leia 3-0 etter berre to minutt og måla kom etter at vi sjølv hadde gjort feil i angrep. Fana er eit kontringssterkt lag, så gjer vi angrepsfeil, så får vi det rett i fleisen.

– I tillegg fekk vi ikkje forsvaret til å sitte slik som vi pleier. Strekspelaren deira skåra heile ni mål mot oss.

– Samstundes så er det mykje bra også, men det er for store svinginger mellom topp- og botnnivå om dagen, men då vi gjorde nokre justeringer fekk vi betre tak på det og det løsna. Sett i ettertid, så skulle vi kanskje ha gjort desse tidlegare. Då kunne vi klart å ta dei igjen, trur Torp.

Tøff juleavslutning

Handballdamene har igjen éin kamp før jul, borte mot Åsane førstkommande torsdag.

– Då møter vi eit veldig offensivt 3-2-1-forsvar med ekstremt hissige spelarar. Åsane er vanskelege å spele mot, så vi er nøydd til å tenkje og spele annerleis enn det vi vanlegvis gjer. Ein nøkkel blir bevegelse uten ball.

– Vi må også få opp tempoet i spelet vårt. I dei periodene vi fekk til det mot Fana spelte vi bra, men vi blir for enkle å spele mot når det går treigare, påpeiker assistent-trenaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.